Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9109 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til trivselskveld på hotellet

Jon Olav Ørsal Fredag 26. oktober 2018

Onsdag 7. november inviterer Surnadal pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotell Surnadal. Arrangementet starter kl 19.00, og på programmet står både middag og dans til Trond Larsens kvartett, melder pensjonistlaget.  Deltakerprisen er kr. 150,- pr. pers, og pensjonistlaget vil ha bindende påmelding til Jorunn på tlf. 901 51 989, eller Grethe på tlf 908 54 […]



T.I.L. – Basar med artig og nostalgisk innslag

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. oktober 2018

Komande søndagskveld arrangerer Trimgruppa saman med Ski- og friidrettsgruppa basar i Todalen ungdomshus. basaren startar kl 16, og det blir både basarbord, åresal og utdeling av premiar. Hovedposten på programmet blir likevel eit litt nostalgisk lysbildeprogram, der Gunnar Nordvik viser lysbilder frå 90-talet, der ei gruppe dreiv med klatring både i Todalsfjella og i Innerdalen – med nettopp Gunnar som mentor og læremeister. Det blir nok eit triveleg gjensyn etter så mange år.


Asfaltering og trafikkavvikling i neste veke

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. oktober 2018

Neste veke blir det asfaltering av Bordholmvegen (FV671) og Brusetmelan (FV324). Da blir det litt trøbbel med trafikkavviklinga, fortel oppsynsmann Nils Erling Skaalvik i Statens vegvesen. Arbeidet startar alt måndag kveld(29.10), da all kaldasfalt skal graves ut og fjernes. Måndag kveld blir ikkje vegen stengt, men det blir etter kvart mange og store hol mellom Sandstad og Halsabrua.


Julegåver til Estland, innsamling 6. november

Dordi Jorunn Halle Tysdag 23. oktober 2018

Todalen sanitetsforening har i mange år sendt julegåver til Estland. Dette skjer i samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg. Dei har alt sendt ein bil med gåver til Estland, og neste transport blir 14. november.


Middag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. oktober 2018

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag torsdag 8. november kl. 14.00 i Sanitetshuset. Dei vil servere skinkesteik og kjøttkaker med godt tilbehør. Kaffe og dessert etter hovudretten. Pris 200 kroner.


Full trøkk med lokal handel heile dagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2018

Den nasjonale nærbutikkdagen vart skikkeleg markert laurdag – med full trøkk både på drivstoffpumpene, i kassa og ikkje minst i kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake. Folk har både handla og kosa seg, og treft både naboen og folk som dei ikkje har treft før. Og sjølvsagt har nærbutikken vore tema – og kor stor betydning det har at vi har ein nærbutikk tilgjengeleg.


HalsOil inviterer til lokal sjokkpris på drivstoff

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2018

Som tidlegare meldt inviterer Matkroken Todalen til kaffeslabberas på den nasjonale nærbutikkdagen i morgon laurdag. Da blir det også ei prisbombe med drivstoffprisar som vi berre kjenner frå 1900-talet – kr 12 pr liter både for bensin og autodiesel.


65pluss – Taklar du venstresvingen skikkeleg?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Er du verdsmeister og kan alt om bilkjøring, så treng du ikkje lese dette! Historia handlar nemleg om oppfriskingskurs for bilførere over 65 år. Bilbruk er nemleg eit viktig bidrag til eldre sin livskvalitet. Statens vegvesen inviterer derfor alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs som går over to dager. Næraste kursstaden her er Sunndalsøra, og neste kurs er 21. – 22. november. Der kjem du heilt sikkert til å få deg ei aha-oppleving, og den er berre positiv!


Søndag: Strømutkopling i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Førstkomande søndag (21.10) blir det straumutkobling før naudsynt vedlikehaldsarbeid på straumnettet, melder Svorka Energi.  Det skjer på strekninga Melhus – Kårvatn i tidsrommet 9.00 – 16.00. Dersom du har spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.


Merkur – årets store og lokale handledag

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. oktober 2018

Merkurprogrammet og handelsdepartementet er initiativtakarar til årets store handledag. Det dreier seg enkelt sagt om å informere om kor viktig nærbutikken er for å skape levande bygder. Merkurprogrammet sørger for behovsprøving av driftsstøtte og investeringsstøtte for nærbutikkar som ligg meir enn 25 km frå næraste konkurrent og som har ein viktig funksjon for å gjera bygdene livskraftige. Laurdag 20. oktober blir det eit skikkeleg kaffeslabberas på Matkroken Todalen, med servering av gratis kaffe og blautkake frå kl 10 og utover så langt det rekk….!


Fulltreff under elgjakta

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2018

Talgø jaktlag er denne veka i Bindal på elgjakt, og har der opplevd travle dagar i terrenget. Dei har skote ein elg på søndag, to på måndag og heile fire elgar i dag på onsdag, og no er kvota full. Ivar Hyldbakk, som er jaktleiar, har sendt oss eit bilde frå jakta i Bindal, der Ola Talgø poserer med ein 12-takker dersom vi har rekna rett. No håpar dei å få «påfyll» på kvoten frå Plahtes eiendommer, slik at dei kan jakte vidare.