Klart for haustlys 2018
Laurdag 17. november kl 13.00 er det klart for opning av ustillinga «Haustlys 2018». Det skjer i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus, der Styrkår Brørs er hovudutstillar i tillegg til 6 andre lokale utstillarar.
Vi fann 9082 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 17. november kl 13.00 er det klart for opning av ustillinga «Haustlys 2018». Det skjer i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus, der Styrkår Brørs er hovudutstillar i tillegg til 6 andre lokale utstillarar.
Søndag ettermiddag er det nytt bokslepp for Todalen historielag. Da er det klart for premiere for årsskriftet for 2018, som da er klart frå trykkeriet og dermed klart for utdeling og sal. Heilt nytt denne gongen er det at boksleppet skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka.
Trimmen på Landbrukshuset som hittil har vore på onsdager blir av praktiske grunnar flytta til torsdagar kl 11. frå komande torsdag 15. november, melder Surnadal pensjonistlag, Stavganggruppa. Bli med og fyll på med trim på dei innendørs trimaktivitetane gjennom vintersesongen, oppfordrar leiar Kristian Ranes.
Måndag 12. november er det bibliotekkveld i Todalen skule. Det blir da markering av Nordisk litteraturveke. Temaet for litteraturveka er «Heltar i Norden». Arrangementet er i tidsrommet 17.30 – 19.00 i biblioteket.
Laurdag 10.november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.
Fullt hus, kjøle god mat og blide ungar – det var riktig triveleg og god stemning under dagens middag i Sanitetshuset. Det var omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som inviterte bygdefolket til søndagsmiddag på ein torsdag.
Stangvik historielag inviterte til dialektkveld tysdag 6. november på Stangvik skule. Gunnvald Bøe var kveldens kåsør, og han ranga trøyå før han sette i gang! Tittelen på kåseriet var: «Spett og spade, – om dialekt, ord og meining». Gunnvald har stor kunnskap om språk og dialekter; han er flink til å formidle, og publikum vart engasjerte, kom med innspel og stilte mange spørsmål.
Hausten er den travlaste tida for oppussing og fornying, og det var stor interesse for interiørkvelden som Byggmakker og Hageland arrangerte tysdag kveld. Det var rundt 150 interesserte som var møtt fram, og vart traktert med tacosuppe før programmet starta opp etterkvart. Måndag kveld kjørte Byggmakker same programmet på Bytås med stor suksess – over 100 møtte opp der og.
I går og i dag har det pågått arkeologiske utgravingar i Hallagrenda. På ekra nedafor Pilskaret – ikkje langt unna skulen – vart det gjort funn under utgraving av tomt til redskapshus. Det er først og fremst funn av 5 bålgroper som har vekt interesse, men det er også eit par steinrøyser er litt spesielle, fortel arkeologane Einar Kristensen og Susanne Busengdal som representerer fylkesarkeologen. Er det «urhallingen» dei er på sporet av?
Hurra for ho den som fyller sitt år! Ja, ho vil vi gratulere! I dag vi ropar hurra for Kitty som fyller 90 år! Sjølv om Kitty har stor runddag, så stilte ho på Kløverrulsetur, men runden frå Sanitetshuset og utover til Småbåthamna tok ekstra lang tid for henne i dag. Ho måtte rett som det var, ta pause på rullatoren for å ta i mot gratulasjonar på mobiltelefonen!
Det var søstrene Jenny og Ingrid som laurdag presenterte notat- og diktboka som søstra Magny hadde ideen til. Magny gikk bort så alt for tidleg i 2016 – berre 48 år gamal. Men ho rakk å skrive feire dikt og hadde klekt ut ideen til å lage ei notatbok, der ho kunne publisere dikta ho hadde skrive. Venner og familie har teke på seg å realisere dette bokprosjektet, og no er boka her. Boka vart presentert under dagens bokslepp i Kaffekroken på matkroken i Todalen.
Laurdag ettermiddag var tida inne for å runde av sesongen for Start 4H med tradisjonell haustfest i gymsalen. Her kunne dei by på både underhaldning og traktering, og ikkje minst presentasjon av prosjektoppgåvene dei har jobba med den siste tida. Det er sjølvsagt artig og triveleg å invitere både familie og venner for stolt å vise fram utstillinga.