Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9007 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur til Kavlvegen på Surnadalseidet

Dordi Jorunn Halle Laurdag 31. august 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl: 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Sikra seg pallplassar på Oppdal Fjellmaraton 2024

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. august 2024

I dag vart det ein fjerdeplass, ein 3.-plass og ein 2.-plass for deltakarane frå Trollheimen fjellsportklubb i Oppdal fjellmarathon.  Aron Rodal Haugen sikra seg nest beste tid på 22 km og sikra seg andreplassen etter Jona grønli frå Freidig – fattige 12 sekund etter. Aron leda ved 12 km og 17 km, med måtte sleppe framom Jonas i spurten inn mot mål. 


Synleg bevis på Todalsfjordprosjektet

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. august 2024

Før helga vart det montert mast for vindmåling på Rakanesset.  Ei 50 meter høg mast skal samle inn vinddata med tanke på brubygging over mot Svinvika. 


Søndag: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2024

Komande søndag er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Dette blir premiere for nypresten Pål Arne Winsnes her i kyrkja, og vi reknar med at menigheita tek i mot nypresten med god salmesong. 
Organist er Bernt Bøe og Randi V. Bøe er klokkar/tekstlesar.  Takkoffer denne dagen går til Misjonsprosjektet i Etiopia.


Fagdag som samlar heile byggmiljøet ved Storfossen

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. august 2024

Det er Byggmakkerbutikkane i Talgø som er vertskap når heile byggfagmiljøet på Nordmøre er samla til byggmesse på Gammelfabrikken.  Byggfagmiljøet vil seier at det er invitert snekkarar, entreprenørar, lærlingar og ikkje minst byggfagelevar frå vidaregåande skular på Nordmøre – både Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund – rundt 70 i talet.


Kårvatn Handelskompani har meldt oppbod

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2024

I dag vart det kjent at Kårvatn Handelskompani AS har meldt oppbod, og er komne under konkursbehandling.  Det er «butikken på låven» og nettbutikken som er berørt, og som no altså er stengt.  Det er trist, men vi såg ingen anna utveg på dette, seier Gudmund. 


Grunneigarane protesterer mot etablering av nasjonalpark

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2024

Onsdag overleverte Eirik Fiske brev og underskrifter mot etablering av nasjonalpark i Trollheimen til kommunedirektør Lars Inge Kvande i Surnadal kommune.  Fiske representerer grunneigarane i den delen av Trollheimen som er foreslege omdisponert frå landskapvsvernområde til nasjonalpark. Saman med underskrifter frå 80-90 % overleverte Eirik Fisk brev og kart over det berørte området – kartet viser kva eigedomar som blir berørt og kven som har skrive under på protesten.


Friluftslivets veke i Surnadal

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. august 2024

Pressemelding frå Surnadal kommune:

«Friluftslivets uke» i Surnadal, 31. august – 8. september 2024.


Flugefiske bør du få på blå resept?

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2024

Når du står i Toåa med fluestanga, står tida stille.  Mange har sagt at det er ikkje avgjerande om du får laksen på kroken – opplevinga kan ikkje målast.  Tyskaren Enzo Hamann er ein av dei som har forelska seg i Toåa og livet på Todalshytta.  Vi trefte Enzo og Arve i Båthølen i dag, og slo av ein prat…


Fin turdag til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. august 2024

Siste måndagen i august gjekk kløverturen frå Gammelfabrikken opp Gammelfalla til Tjønnmyrane; ein fin tur med gode motbakkar.


Talgø Møretre, NIBIO og det grøne skiftet

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2024

Måndag hadde hadde Talgø Møretre besøk frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIMIO) på Gammelfabrikken.  Nimio har rundt 750 tilsette totalt, men det var ei gruppe forskarar, ingeniørar og studentar frå avdeling treteknologi som var her i dag.  Utviklingsdirektør Per Otto Flæte og andre leiarar frå Talgø Møretre var vertskap for gjengen som har har hatt omvisning på Gammelfabrikken i dag.  Dei skal vidare til omvising på Talgø MøreTre på tysdag, før dei dreg vidare til NIBIOS anlegg på Tingvoll.


Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. august 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 26. august. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.