Eit tidleg vårteikn frå Sanitetskvinnene
For mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene. NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.