Strikkekaffe og triveleg ettermiddag i Sanitetshuset
Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Vi fann 9201 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Det var stor interesse for å lære om poding av frukttre, da Svinviks Arboret arrangerte podekurs laurdag ettermiddag. Det kom faktisk eit trettitals deltakarar både frå fjern og nær for å ta del i kurset som faktisk har vorte ein årleg happening i arboretet. Instruktørane på kurset var Sven Olav Svinvik, Ola Bruset, og den nye museumsgartnaren Patrik Nilsen.
Tysdag kveld hadde KNT – Kristiansund- og Nordmøre Turistforening sitt årsmøte i Kristiansund. Foruten vanlege årsmøtesaker var det tid for skifte av leiar som stod på agendaen – etter 28 år med leiarklubba så nytta Eirik Gudmundsen høvet til å takke av frå dette vervet.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 15. mars tida frå kl. 13:00 til 16:00.
No er det tid for ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie tysdag 18. mars.
Heimbygdlaget arrangerte årsmøte måndag 10. mars på Hammerstuene.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 10. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Frode Grønyr var i full gang med vedhogst i dag da vi passerte Halagrenda. PÅ spørsmål om han jobba med å sikre neste vinter kunne han berette at det var han faktisk ferid med, men no var det mest landskapspleie og fritidssyssel som stod på programmet. – Reknar med at det blir kort dag i dag, ettersom 5-mila frå VM i Trondheim kjem på TV’n etter kvart
I føremiddag har U-20 og U-18 alt gjort unna sin kunkurranse i individuell. I dameklassen var det bare Elise Hjelset Andersen som stillte til start, men til gjengjeld la ho beslag på bronsemedalja. Ho gjekk seg opp frå ein 5.-plass ved første passering, og endte opp på ein 3.-plass ved målgang. Ingrid Klokset meldte avbud før start på grunn av sjukdom i dag.
Vegen som går opp Falla, rett ovafor Gammelfabrikken, er betydeleg svekka på grunn av at vegfundamentet er svekka og delvis rasa ut. Det er nok store nedbørsmengder i går kveld og i natt som har ført til at det har vorte skade på vegen.
I dag var det Aron og Isak som hadde den store dagen – saman med Hampus Tronvoll vart dei kvalifiserte til både kvartfinal, semifinale og til slutt til finalen i dagen sprint i randonee-VM i Morgins i Sveits. Heilt unikt at 3 norske juniorar greier å kvalifisere seg til finalen i eit slikt mesterskap med 33 i U18-klassen. Spenningen var derfor stor når 3 av dei 6 i finalen var norske.
Det har vore store nedbørsmengder i Brusetmarka i natt, og på vegen opp mot Falla har det rasa ut store mengder masse som har fylt bekken ned mot Stillhølen og sendt mykje grus utover ekra mot Trydvangkrysset. Regnvëret og vassføringa frå Kattadalen nådde nok toppen i løpet av natta, og på morgonkvisen var Gjeldnes Maskin på plass med gravemaskin for å få vatnet på rett kurs ut i Toåa.