Innfører forsterka besøksrestriksjonar ved Surnadal sjukeheim for perioden 4.-31. august
Kommuneoverlegen har vald å forsterke besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim. Dette skjer i ein periode kor mange kjem heim frå ferie, og vil altså gjelde ut august i første omgang. Ferieavviklinga avrundast no så smått for dei fleste, og kvardagen kjem att. Etter ein sommar med reiseaktivitet og selskapelegheiter for mange ser vi no auka smitteførekomst av Covid-19 i Norge. I samråd med kommuneoverlegen forsterkar no sjukeheimen besøksrestriksjonane i august pga. generell auka smittefare framover. Slik kan vi med større sannsynlegheit unngå at smitte kjem til sjukeheimen. Vi har skaset regelverket frå heimesidene til Surnadal kommune, der oppdatering vart lagt ut 4.8.2020.