Kløvertur i Øyalia
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Øyalia måndag 21. september. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ungdomshuset ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Øyalia måndag 21. september. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ungdomshuset ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag melder:
Tirsdag 22.9. går turen til Syltnebba. Vi møtes på parkeringsplassen ved alpinsenteret kl 1100 og følger veg/sti til toppen. Hugs mat og termos!
Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, har 15 avdelingar spreidd utover heile landet, mellom anna har dei ei avdeling på Tingvoll. Dei tilsette her var torsdag 17. og 18. september på fagtur til Nordvik og Todalen og avslutta fredag ettermiddag med ein avstikkar til Stangvik.
I samband med smittesporing av eit tlfelle av påvist Covid-19 i Surnadal kommune er desse barnehageavdelingane/skuletrinna stengt av kommuneoverlegen fredag 18.09 og måndag 21.09 2020:
Måndag 14. september gjekk Kløverturen i Gammelvegen, eit fint turområde der ein kan variere både turlengde og tal på motbakkar.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. september i Gammelvegen i Svinvikrunden. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Turen startar frå parkeringsplassen i Svinvika ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Etter dagens strategisamling for næringslivet i Surnadal og Sunndal, sit vi igjen med eit stort håp om at Todalsfjordsprosjektet endeleg kan realiserast. No er det berre unnabakkane igjen, fortel daglig leiar Bergsvein Brøske svært så ivrig i sitt innlegg. Frå dagens 500 bilar i døgnet over med ferga, til 1680 bilar i døgnet som kryssar […]
Torsdag 10. september arrangerte Surnadal pensjonistlag stavgangtur til Hjellnessetra i Todalen. Veret var berre så passeleg med nysnø i fjella, regn og vind. Men ein trimglad pensjonistgjeng let seg ikkje stoppe av litt dårleg ver.
Det er trasig at smitteverntiltaka fører til at storsalen på kulturhuset ikkje kan fyllast, for det hadde den vorte i haust. Og det fleire gongar! Teatret Vårt sender tre oppsetningar til Surnadal som alle dreg mykje folk. Den første, Edvard Hoems «Slåttekar i himmelen», blir unnagjort denne veka – og dei fleste av dei 120 […]
Onsdag 9 september er Ørsalvegen mellom Halset bru og Utigarden på Ørsal stengt grunna utskifting av stikkrenne nedanfor Åkerlia i Ørsalbukta. Vegen vil vere stengt mellom kl. 09:00 og ca. 14:30.
Det var meir utfordrande å delta i «Sommarles» i år, men surnadalingane likar tydeleg nok utfordringar og heldt leseferdigheitene ved like også denne sommaren.
Pensjonistlaget melder: Stavgang i Surnadal
Torsdag 10. september går vi til Hjellnessetrene i Todalen. Kjør gjennom Svinviktunnelen og ta av første avkjørsel til venstre. Der skal det stå vakt!