Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9201 artiklar i dette arkivet.


Triveleg laurdagstreff i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 5. april 2025

Todalen sanitetsforening inviterte til strikkekaffe første laurdagen i april, riktig så triveleg og kjekk ettermiddag.


Full trøkk med lokalmat og vårstemning

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. april 2025

Laurdag var det til tider vanskeleg å finne ledig plass på parkeringsplassen framfor butikken til Hageland og Byggmakker på Syltøran.  Handledagen med samarbeid med lokalprodusentane var ein formiddabel suksess som trekte folk frå både fjern og nær.  Hageland ligg no i startgropa for ein ny sesong, og både blomster, busker, trær og planter er på veg inn, og utvalet blir større dag for dag fram mot våren.


Feira dagen med kake og korpsmusikk i ALTI-sentret

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. april 2025

Bankens 190-årsjubilee vart behørig feira i ALTI-sentret i dag.  Surnadal Hornmusikk troppa opp med heile sitt korps, og sørga for at arrangementet vart skikkeleg lydsett – mellom anna med «Congrtulation» og fleire til.  



Snart i mål: – «full puss» på Brekkvoll

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. april 2025

Det siste året har det vore «full puss» utvendig på huset som no tilhøyrer Talgø.  Det var Erling Talgø (sr) som bygde husa her i 1955 – og Erling og Aslaug budde her så lenge dei levde.  Seinar har husa vore leigd ut til tilsette på Talgø.  Det vart etter kvart bhov for ei oppgradering utvendig, og det arbeidet har pågått det siste året. 


I startgropa med påskehandelen – og litt til….

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. april 2025

I Hageland Surnadal er julepynten og vinteren forlengst rydda unna, og dei siste vekene er bruka til å førebu vårsesongen og uteaktivitetar. Våren og forsommaren er den travlaste tida på Hageland og det er mykje som skal på plass. I år er faktisk påska så seint ute at det blir ein uvanleg kjapp og hastig overgang.



Ansnesvegen – pass deg for synkehol!

Jon Olav Ørsal Måndag 31. mars 2025

På den kommunale Ansnesvegen – rett utafor Todalsøra – er det eit synkehol i vegen. Det ligg midt på vegen ved Innerbaugen, og kan være skummelt både for bilar og syklistar – og ikkje minst for fotgjengarar.  


Misjon – i 180!

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. mars 2025

– Til gagn og glede for eiga grend og grannelag og fjerne land og folkeslag … Same kvar dei kom i verda, var todalsfolket med på ferda. Samanhengande aktivitet i 180 år – nordmørsrekord? Todalen Misjonsforening markerte jubileum i fullsett Eidet Bedehus laurdag.


Fekk skryt for salmesongen under gudstenesta

Jon Olav Ørsal Sundag 30. mars 2025

Sokneprest Pål Arne Winsnes ga uhemma skryt for salmesongen under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje.  Eit førtitals tilhøyrarar stod for samlesongen saman med ei gruppa frå P17-koret som deltok som forsongarar.  Dagens gudsteneste vart TV-overført via YouTube, og dersom du vil sjå gudstenesta kan du berre gå til linken her.


Kløvertur frå Bruset til Hengebrua

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. mars 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 31. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.


Ny bronse til Aron i dagens vertikal

Jon Olav Ørsal Sundag 30. mars 2025

Aron Rodal Haugen rundet av årets juniorverdscup med 3.-plass og bronse i dagens vertikal i Puy-Saint Vincent i Frankrike.  I klassen U18 men kom Aron i mål på 16:28 som er +0:23 etter Langjia Gongsong frå China som fekk beste tid på 16:05. Nest beste norsk vart Iver Holen med 18:06 og +2:01.