Trym slo til igjen – vart Norgesmester på Vang
Trym Dalset Lødøen gjentok gårdagens suverene seier og vann NM-konkurransen med ein margin på 43 sekund til nummer to som vart Erik Kårvatn. PÅ tredjeplass kom Pascal Emanuel Egli med eit tillegg på 56 sekund. I juniorklassen vart det Aron Rodal Haugen som vart sterkast, på tida 19:50,0 med Isak Drøpping på andreplass med 28 sekund etter og på tredje vart det Ivar Holen 1:15,0 etter. Arrangøren Trollheimen fjellsportklubb måtte improvisere både starten og målgangen – løypa starter 200 meter oppi Strengentraseen på grunn av snømangel og målgangen var rett nedafor toppen – løypa vart ca 450 høgdemeter.