Repeterte trafikkreglar – stort engasjement
Todalen Historielag inviterte tysdag kveld interesserte til å bli med på oppfrisking av trafikkreglane. Trafikklærar Stine Arntsberg frå Trollheimen trafikkskole var innhyra som fagperson for å friske opp kunnskapen om korleis vi skal oppføre oss i trafikken. Ho klarte å engasjere deltakarane og det tok ikkje lang tid før temaet var rundkjøringer og spørsmål om korleis ein skal bruke blinklyset og korleis ein skal opptre i rundkjøringer med tanke på vikeplikt.