Utstillinga FISK i Skulstuå i Todalen
Kva med ein ut oppi Skulstuå i finveret i helga? Utstillinga FISK står i heile sommar og laurdag 14.juni frå kl.13 til 16 er den igjen opa, som og annonsert i Driva. Det er Ingvar Ortega Redalen (f.2012) som har teikna fiskar frå både nære og fjerne havstrøk, her kan du sjå både regnbogeaure, brisling, havmus, slimål, storskat, gjøkskate, tagghai og kval og mange fleire fiskeartar.