Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagens Bilete Arkiv

Vi fann 128 artiklar i dette arkivet.


Innerdalen månadens bilete i august

Guro Redalen Tysdag 22. september 2026

Jon Bruset er vinnaren av månadens bilete for august med det flotte biletet Innerdalen. Vi gratulerer og tek gjerne imot nye blinkskot til neste kåring!


Stem på månadens bilete

Guro Redalen Laurdag 12. september 2026

August er over, og som vanleg har lesarane våre fanga månaden gjennom kameralinsa. No kan du vere med og kåre månadens bilete blant dei innsendte bidraga på todalen.no. Stem på din favoritt og hjelp oss å finne biletet som best fangar august 2026!



Kåring av månadens bilete i juli

Guro Redalen Tysdag 4. august 2026

Juli baud på både englar, blåbær, gammalost, fiskelykke og fjellmat i sekken. No er åtte nye kandidatar klare til kampen om tittelen Månadens bilete. Kven stikk av med sigeren denne gongen? Stem på favoritten din før midnatt tysdag 11. august!


Månadens bilete i juni

Guro Redalen Laurdag 1. august 2026

Det løner seg å vere vaken om natta! Med det vakre biletet Natt har Ragnhild Ansnes Moe fanga ein raudglødande sommarnatt og vunne kåringa av månadens bilete for juni. Vi gratulerer!


Kåring av månadens bilete i juni

Guro Redalen Onsdag 15. juli 2026

Juni baud på lyse sommarnetter, grøne landskap og mange flotte fotomotiv. No er det på tide å kåre månadens bilete blant kandidatane som har vore publiserte som Dagens bilete. Kven meiner du fortener tittelen denne gongen? Røystinga er open til 22. juli ved midnatt.


Månen i Bjøråskaret kåra til månadens bilete for mai

Guro Redalen Onsdag 15. juli 2026

Siv Halle vann røystinga med fotoet Månen i Bjøråskaret og er dermed vinnaren av månadens bilete for mai 2026. Gratulerer! Med det er endeleg også mai teken hand om, og bilderedaktøren kan med lett hjarte vende blikket mot kåringa av månadens bilete for juni. Ei kåring som er rett rundt Kammen.


Kåring av månadens bilete i mai

Guro Redalen Laurdag 4. juli 2026

Vi trudde vi var klare til å kåre månadens bilete i juni. Då oppdaga vi at mai framleis sat urøysta att som eit einsleg bakels etter Todalsdagen. Hjelp oss å rette opp tabba!




Kåring månadens bilete i mars

Guro Redalen Fredag 10. april 2026

Mars har bydd på både låg kveldssol, fine morgonar, fjordblikk og nystekt bakels. No kan du vere med og kåre månadens bilete! Ta ein titt på kandidatane og røyst fram din favoritt.


Perfekt sjøis kåra til månadens bilete i februar

Guro Redalen Onsdag 18. mars 2026

Jo Gjeldnes går av med sigeren med det stemningsfulle vintermotivet Perfekt sjøis.
Har du sjølv bilete med brodder, god glid – eller kanskje ei isande historie på lur? Send dei gjerne til red@todalen.no.