Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagens Bilete Arkiv

Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete i mars

Guro Redalen Sundag 2. april 2023

Før vi legg mars heilt bak oss, og susar på silkeføre inn i april, gjenstår det å kåre månadens bilete. Her er det både nordlys, sol som går opp og ned, manglande lys og dårleg sikt. Klar ferdig – stem!



Påminning: Stem på månadens bilete februar

Guro Redalen Måndag 6. mars 2023

Kandidatane for månadens bilete i februar har ikkje ein drope nedbør eller eit snev av anna uvêr. Det er på tide å rette på solbrillene og klikke seg inn for å bidra til kåringa av februar-biletet!


Naturens kunstverk månadens bilete i januar

Guro Redalen Fredag 10. februar 2023

Tett i teten på årets første kåring av månadens bilete, men «Naturens kunstverk» og fotograf Hanne Waag er kåra til beste foto i januar.


Påminning: Månadens bilete januar

Guro Redalen Tysdag 7. februar 2023

Det er så tett i teten så langt denne månaden, at vi minner deg difor på å halde fram med å røyste på din favoritt som månadens bilete for januar. Kåringa vert avslutta ved midnatt onsdag 8. februar. Og som alltid blir vi svært glade for bidrag til dagens bilete!


Årets bilete 2022

Guro Redalen Tysdag 24. januar 2023

Motiv med både fire og to føter, himmelfenomen og spegelblank fjord er noko av det som kan oppsummere året 2022. Det er klart for å gå til avstemming for årets bilete!


Haustsol over bygda månadens bilete i desember

Guro Redalen Måndag 9. januar 2023

Siste månadsvinnar for 2022 er klar, og det var Ingri Bruset med bilete Haustsol over bygda som stakk av med sigeren for desember. Seinare i månaden kjem den store kåringa for årets bilete 2022.


Månadens bilete desember

Guro Redalen Måndag 2. januar 2023

Vi slepp ikkje heilt taket i desember og 2022, for her kjem sjansen for å bli med å avgjere kva bilete som kan bli månadens beste. Og skal ein tru utvalet så var årets siste månad prega av HalsOil-skjermhuv, glimt av sol og vebju.


Stem på månadens bilete november

Guro Redalen Laurdag 3. desember 2022

Kling no klokka, for det kimer no inn til årets siste månadens bilete-val! Så her er det berre å vandre inn fra kvar ein verdenskrok for å sikre at din favoritt går sigrande ut av kåringa.


Ønska: Bilete med HalsOil-skjermhuv

Guro Redalen Fredag 25. november 2022

Det var i dei dagar då det gjekk ut eit bod med etterlysning av bilete med HalsOil-skjermhuv … har du eit på lager? undrar dagens bilete-redaksjonen på.


Kåra til månadens bilete i oktober

Guro Redalen Måndag 14. november 2022

Tre stemmer skilte vinnaren og 2. plassen denne månaden, men ved midnatt i går var det klart at Kristian Gjeldnes med ein lokal arvtaker til Munchs Pikene på broen kan krone seg med tittelen som det beste dagens bilete i oktober.


Påminning: Månadens bilete i oktober

Guro Redalen Laurdag 12. november 2022

Storhjort, tiger, sau og damer på Hamran er blant det du kan velje imellom i kåringa av månadens bilete for oktober. Det er berre å klikke seg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. november.