Krokvatnet kåra til månadens bilete
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Vi fann 106 artiklar i dette arkivet.
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Kven knipsa best i september? Frå humle til horn, fjordglød til nysnø – kandidatane til månadens bilete er like varierte som vareutsalet på bakrommet på Hals. Stem på din favoritt no, og bli med å kåre Todalens neste linse-legende!
Alfred Kvendset fanga solnedgangen frå Snøfjellet, og gjekk av med sigeren i månadens bilete i august! No er september her med haustlys og gyllent lauv, og kanskje er det du som fangar det beste blinkskotet i september?
Før stortingsvalet tek all merksemd, inviterer vi til å røyste på månadens bilete for august på todalen.no. Her er det ingen sperregrense, berre blinkskot frå fjord, fjell og ferje.
Med blinkskotet Etter regn kommer sol vart Jo Gjeldnes kåra til SOLeklar vinnar av månadens bilete i august. Vi gratulerer!
Med elg i sommarmodus, sekken full av ferieminner og kveldssol som burde vore på frimerke, vart juli ein god månad for både folk og fotoapparat. No skal månadens blinkskot kårast. Klikk deg inn og stem før 17. august.
Med blinkskotet Fisking har Torgunn Nordvik verkeleg fått napp – og dreg i land sigeren i kåringa av månadens bilete for juni! Vi gratulerer med ein velfortent fangst av heider og ære!
Juni har dei lengste dagane i året, og det kan nesten verke som sola aldri går ned. Det er månaden for grøne hagar, blomsterprakt og blinkskot i fleng. Det er på høg tid å kåre månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete i juni.
Ein vinnar er kåra, og Einar Talgø er fotografen av månadens bilete for mai. Vi gratulerer!
Mai er vel passert med både skrommeltog, turar på barmark, eit par rundar til med snø nedover fjellsidene, men òg eit par nydelege solnedgangar. No ser vi fram mot fleire slike, og kanskje fell Hønhalsen denne månaden?
Breaking news frå april… i juni! Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april.
Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde månaden både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.