Krokvatnet kåra til månadens bilete
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Norske filmar skapar høg temperatur på Surnadal kino for tida, og det vil bli varmare og varmare. Det er framleis muleg å få med seg Affeksjonsverdi, Blücher og One battle after another. Men ein må kaste seg rundt om ein vil sjå desse, kvar på sitt vis, gode filmane.
Denne veka deltek Talgø MøreTre på Bygg Reis Deg 2025 i Nova Spektrum på Lillestrøm. BRD er det store samlingspunktet i byggebransjen, og samlar over 400 utstillarar frå både inn- og utland.
Torsdag 23. oktober frå klokka 18:00 er det klart for Todalen sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Fredag har Toodalen sanitetsforening førehandssal av lodd på Matkroken Todalen fram til klokka 17:30.
I deg torsdag, er det refleksens dag. Bli sett – bruk refleks, det reddar liv er hovudbodskapen denne dagen. Vi har no kome til den mørke tida av året, og det er viktig at alle som ferdast etter vegane, uansett om ein syklar, spring/joggar eller går brukar refleks slik at ein blir sett av dei køyrande!
Over heile landet blir laurdag 18. oktober feira som årets lokale handledag. Matkroken Todalen er ikkje noko unnatak, og byr på gratis kaffe i Kaffekroken denne dagen – i tillegg bys det på bakels og graut og ikkje minst ei stor marsipankake frå Coop, seier Jorid H. Ansnes som er butikksjef på Matkroken Todalen.
Todalen sokneråd stod som arrangør, saman med Prosjekt 17-koret, da det vart markert at nynorsk salmebok i år kan feire 100-årsjubileum. Todalen kyrkje var den første kyrkja her i området som tok i bruk Nynorsk salmebok, så det var nok på sin plass at ein var først ute med jubileum.
Ein trimmar i Toåa tursti fann ein ein død elg i Toåa, like ved turstien som går gjennom Slåttøya. Ståle Ansnes stilte med traktor for å få elgen på land, slik at den kan graves ned. Elgen har nok reist med elva som var flaumstor laurdags kveld – vassføringa var over nivå for 5-årsflaum. På topp var målinga ved Storfossen i 2-tida den natta.
Onsdag 15. oktober er det tid for den årlege «Elsikkerhetsdagen» 2025. Denne dagen blir vi alle oppfordra til å ta «elsjekken», men det er mogleg å ta denne «sjekken» ut oktober. Det er for vår eige elsikkerheit vi blir oppfordra til å ta testen. Svorka har i høve «Elsikkerhetsdagen» 2025 sendt oss ei kort pressemelding, som ein kan lese nedanfor:
Søndag 19. oktober er det klart for verdas største nnsamlingsaksjon, TV-aksjonen 2025. Årets TV-aksjon har som mål å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom, gjennom Atlas-alliansen. Atlas-Alliansen er ein paraplyorganisasjon av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.
Komande laurdag er det lokal handledag for dei såkalla Merkurbutikkane. Totalt er det heile 569 slike butikkar rundt omkring i Noreg, som på ein eller anna måte er under vingane til Distriktssentret. Her i Surnadal kommune er det tre slike butikkar – i tillegg til Matkroken Todalen kjem Matkroken i Bæverfjorden og Coop Marked i Bøfjorden.
Demenskoret Surnadal har fått navnet GLADKORET, og vi er i full gang, skriver Liv Botten i en melding til Todalen.no
Gladkoret er et kor for mennesker i Surnadal og som lever med demens. Hver mandag fra kl 17 – 19 øver vi på Surnadal sykehjem, møterommet og du er hjertelig velkommen til å bli med.