Denne veka deltek Talgø MøreTre på Bygg Reis Deg 2025 i Nova Spektrum på Lillestrøm. BRD er det store samlingspunktet i byggebransjen, og samlar over 400 utstillarar frå både inn- og utland.

Thora var der og tok i mot – Thora Mæhle Talgø dreiv Talgøfabrikken i perioden 1913 – 1932 – ho var ei av dei første industrikvinnene i Norge. Talgø har ei sterk historie å vise til. Foto Talgø Marketing
På opningsdagen onsdag 15. oktober var det over 8.000 besøkande som var innom messa, som altså går føre seg i 5 store hallar på området som Nova Spektrum disponerer i Lillestrøm. Messa går fram til laurdag 18. oktober kl. 16. For den som har lyst til å besøke messa, så finn du informasjon om billetter og opningstider på nettsida til BRD der Talgø MøreTre har stand nr D02-22.

I dag er det royalprodukter som står på agendaen – det må være rett i tida med klimaendringar på gang. Foto Talgø Marketing.
Bygg Reis Deg har ein lang tradisjon i byggebransjen, og første messa vart arrangert så tidleg som i 1954 – den gongen på Akerhus festning. I dag er det altså Nova Spektrum som er staden, og der er det heile 16.000 m2 som er bruka til messe i dei 5 hallane.
Vi har laga eit bildegalleri frå Talgø MøreTre sin messestand på Nova Spektrum på Lillestrøm – alle foto Talgø Marketing

