Kløvertur til Haltbakkan
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Haltbakkan måndag 8. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Vel møtt!
Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Haltbakkan måndag 8. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Vel møtt!
Surnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei.
Det var fullt hus i den gamle skulstuå på Årnes da Svein Aarnes ønskte vel møtt til den femtande Årnesdagen.
Akkurat på dagen ein månad etter den dramatiske brannen i Holbakken hos Elinor og Ivar, var det torsdag kveld ein liten dugnad for å flytte blomstrar, planter og busker.- Mange har ytra ønske om å kunne hjelpe oss på all slags vis etter brannen, og dette var ei fin anledning til å både vere sosial og gjere noko det var gang i, fortel Elinor Bolme
Tysdag 9. september går turen til Tindan i Valsøyfjorden. Oppmøte på parkeringsplassen på Øye kl 09.30 for samkjøring til Henna og bomvegen innover Hennadalen til parkering ved Hennasetra. Følger stien som går til Hennafjellet opp til skiltet på biletet. Tek der til høgre og følger stien innover til Tindan. Vel møtt medlemmer og andre!
Veidekke troppa opp med lastebil og gravemaskin i Brusetmelan fredag føremiddag – er det nytt skilt som skal på plass, spør vi Øystein Kvernberg som er i ferd med å graveopp og montere eit fundament mellom vegen og elva? – Kvernberg har akkurat fått på plass fundamentet, og han har forklaringa på kva som skal skje!
Turgruppa i gamle Stangvik og Stangvik historielag inviterer til årets Årnesdag laurdag 6. september. Arrangementet blir i Grendahuset og startar kl. 11:00. Alle er velkomne!
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.
Velkomen til vår jubileumskonsert, vår storsatsing med salmekonserten vi har kalla «Blott en dag». I samband med 30-årsjubileet inviterer vi til to salmekonsertar i haust. Du kan høyre oss i Øye kyrkje, laurdag 4. oktober og i Rindal kyrkje søndag 5. oktober – begge dagar kl. 17:00. Billettprisen er kr 300 og du kjøper billett ved døra.
Før stortingsvalet tek all merksemd, inviterer vi til å røyste på månadens bilete for august på todalen.no. Her er det ingen sperregrense, berre blinkskot frå fjord, fjell og ferje.
I år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.
Verkstad etablert på 60-talet med tilhøyrande tomt til salgs. Eigedomen ligg ved Todalsøra og er regulert til næringsformål. Salet vert gjennomført privat.