Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2025

Vi fann 34 artiklar i dette arkivet.


Rute 1061: Kvanne – Rykkjem, normal drift i sambandet frå klokka 20:45

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juli 2025

Måndag ettermiddag melder Fjord1 på sine nettsider at rute 1061: Kvanne – Rykkjem er innstilt inntil vidare, grunna driftsproblem. Dette er andre gongen på få dagar at ferga blir innstilt, med dei problema dette medfører for dei reisande. 


Stenger Toåa for laksefiske inntil vidare

Jon Olav Ørsal Måndag 21. juli 2025

Todalen Elvaeigalag har beslutta å stenge Toåa for fiske etter laks og aure frå midnatt måndag kveld.  Det skjer grunna lita vassføring og høg temperatur på vatnet.  I første omgan blir elva stengt i 4 døgn fram til fredag kveld ved midnatt, seier leiar i Todalen Elveeigarlag, Stig Husby. 


Rødt – Starta valkampen i gapahuken i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Rødt har vore på Todalsbesøk i dag – søndags kveld var dei i gapahuken i Båthølen på ope møte for å treffe Todalingane.  I rundt 30 graders varme er det ikkje så enkelt å samle folk til politiske møter.  Dei tre frå Rødt, var Mattis Himo som er 1.-kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal. I tillegg var Edvard Breivik med som leiar for Rødt Møre og Romsdal, og leiar Roar Nes frå Surnadal Rødt.


Sterke resultat frå Valldal og Mefjellet Opp 2025

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Laurdag vart Aron Rodal noregsmeister i motbakkeløp i juniorklassen. Han gjekk i mål på tida 46,21 som også heldt til 10.-plass totalt av 193 startande.  Isak Drøpping kom i mål på tida 49,04 og 3.-plass i juniorklassen.  Flott innsats frå «randogjengen» i Trollheimen fjellsportklubb!


Lynnedslag og branntilløp i eit forrykande torevêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juli 2025

Det varme sommarvêret er nok årsak til at det har vore lyn og torden på ettermiddag og kveld i fleire dagar på rad.  Fredag kveld var det ekstra mykje, og eit ganske massivt torevêr gikk nedover bygda på seinkvelden.  Det var nok mange som var bkymra og som drog ut kontaktar for å spare ekeltrisk utastyr.  Toreveret såg ut til å gå fleire rundar og det vart eit skikkeleg regnvêr i kjølvatnet av torevere. Rundt midnatt var det meste over og det hørtes ut som den trekte unna. 



Førstekandidat Mattis Himo for Rødt besøker Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. juli 2025

Vi har fått ei pressemelding fra leder i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag, Ola G Kvendset, om at førstekandidat for Rødt i Møre og Romsdal tar turen til Todalen søndag 20. juli.  På agendaen står et besøk hos Ola i Viastua, der landbrukspolitikk og større mulighetsrom i jordbruket sikkert vil bli sentrale tema. Her er det lagt inn en tur til seterstølen i Kvennsetdalen, der utnytting av utmarksbeite blir tema.


Trimturar i Todalen – frå lågterskel til høg puls

Guro Redalen Onsdag 16. juli 2025

Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? Fortvil ikkje, her kjem tips til 11 ulike turar med ulik pulsgrad!


Ustabile fjellmassar i Skarfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. juli 2025

Beredskapskoordinator i Sunndal kommune møtte i dag personell fra fjellskredseksjonen til NVE i Nerdalen. NVE har i dag sett opp ein radar ved parkeringsplass i Nerdalen. Denne radaren måler bevegelsar med millimeterpresisjon. Radaren vil stå til over sommaren, eller til eit eventuelt skred går.


Tropenatt mange plassar sist natt

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juli 2025

Det er nok ingen sensasjon at vi opplever tropenatt i Todalen.  Definisjonen på ei tropenatt er at temperaturen i tidsrommet 20:00 om kvelden til 08:00 neste morgon ikkje går under 20 grader. Sist natt var det fleire plassar som opplevde det i Todalen – på Hala, Kvennset og Brusetmarka. Men ikkje på Vestrum og i Dalalia, der minimumstemperaturen kom ned på 16,8 og 18,5 grader.


Manntalet lagt ut til gjennomsyn frå måndag 14. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. juli 2025

Måndag 8. september er det stortings- og sametingsval. For å kunne stemme ved haustens stortings- og sametingsval må ein stå i manntalet eller samemanntalet. Alle kommunar i Norge er pålagt å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg.  


Kåring månadens bilete juni

Guro Redalen Måndag 14. juli 2025

Juni har dei lengste dagane i året, og det kan nesten verke som sola aldri går ned. Det er månaden for grøne hagar, blomsterprakt og blinkskot i fleng. Det er på høg tid å kåre månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete i juni.