Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2025

Vi fann 103 artiklar i dette arkivet.


Markering av frigjerings- og veterandagen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. mai 2025

Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen.


Demensforeninga inviterer til folkehelsemarsj

Jon Olav Ørsal Fredag 2. mai 2025

Det skjer onsdag 7. mai og har start frå Frivillighetssentralen på Skei kl 18:00.   Folkehelsemarsjen går i regi av Nasjonalforeingen for folkehelsen – Surnadal demensforening og helselag. Tidlegare var den kalla for hjertemarsj og har mellom anna vore arrangert i Toåa tursti. 


Triveleg og tradisjonell 1.-maifeiring i Surnadal kulturhus

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mai 2025

Det var Arbeiderpartiet og Rødt som hadde felles 1. maiarrangement i Surnadal kulturhus – eit arrangement som samla eit 70-tal som stakk innom for å få med seg årets aksjonsdag for arbeiderbevegelsen. Dei kunne by på tradisjonelt program som starta med «Internasjonalen» med Surnadal Hornmusikk for eit ståande publikum, og fortsette med både vals og marsj.  Det er faktisk litt høgtideleg  med korpsmusikk til slike arrangement.


Opna «Stikk Bort!» sesongen i regnvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. mai 2025

Surnadal kommune starta tilbake i 2019, inspirert av «StikkUT!» konseptet, turkassetrimmen «Stikk Bort!». Dette er ein lågterskel trimaktivitet retta mot bebuarane på sjukeheimen og i omsorgsbustadane, pårørande, brukarane av dagsenteret og alle andre som ønsker å gå eller trille ein kortare trimtur.


Aktivitetsrommet på Bordholmen er ope!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. mai 2025

Aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion står no ope for fri bruk. Her kan ein spele bordtennis, brettspel, kort, spele musikk eller berre stikke innom for å ha det artig med andre. Frå og med i dag er aktivitetsrommet ope heile tida. 


ReMidt sin tømmekalender for mai og juni

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. mai 2025

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for juli og august 2025 blir lagt ut i måadsskiftet juni/juli. 


Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal starter tursesongen 2025.

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mai 2025

Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal ligg også i startgropa, og har sendt oss ei pressemelding med informasjon om planlagte turar utover våren og sommaren.  
Første tur går tirsdag 6.mai til Igltjønna og Haraldhytta i Rindal.  Vi møtest som vanleg på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje kl 10.00. Alle vel møtt, medlemmer og andre!