Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2025

Vi fann 103 artiklar i dette arkivet.


Nå kan man søke midler gjennom Stikk UT! stifond

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. mai 2025

Pressemelding frå Friluftsrådet:

Stikk UT! Stifond er midler som skal brukes til «førstehjelps-tiltak» på Stikk UT!-stier med slitasje i Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag. Fondet er et samarbeid mellom Sparebanken Møre og de to friluftsråda i fylket; Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd.


Veidekke ute på vårpuss

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mai 2025

Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn – Veidekke er no ute med støvsugaren sin for å pusse litt rundt vegkantane og dermed redusere støvplaga.  Det er mykje strøsand som er pøsa ut i løpet av vintersesongen, og noko av sanden blir nok liggande att.


Inviterer til tradisjonell nasjonaldagsfeiring på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. mai 2025

Nordvik Grendalag ved 17. mai-komiteen inviterer til tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Nordvik forsamlingshus 17. mai klokka 15:00. Her blir det sodd, tale for dagen, leikar for ungane og kaffe og kaker. 


Første elgen kjem i utstilling

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2025

Den 14. oktober i 1980 var den første elgen felt i Todalen.  Det var ein elgokse, og den vart felt innmed Falla i Gammelseterdalen, innafor Kårvatn.  Det var Ragnar Halle som felte elgoksen som var 324 kg i slaktvekt.  Elgoksen var slakta og partert på staden, og frakta heim til Kårvatn med ryggsekk.


Telia tilbake med normal dekning

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2025

Rundt lunchtid torsdag var Telia sin basestasjon i Todalen igjen «på lufta» med normal dekning.  Basestasjonen i Todalen har vore ute av drift sia søndag kveld.  Det har vore tildels stor misnøye med at det har teke så lang tid å rette feilen på basestasjonen.  Telia sine kunder i Todalen har berre kunna bruke telefonen […]


Pynta banken til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. mai 2025

Da Surnadal Sparebank, no SpareBank 1 Nordmøre, bygde nytt hovudkontor og flytta inn der i 2010, vart alle barnehagane i Surnadal kommune inviterte til banken for å pynte dei store vindauga til 17. mai-feiringa. Dette vart starten på ein årleg tradisjon, der alle barnehagane siste veka før 17. mai blir invitert til banken for å pynte til 17. mai. 


Nicole Nordvik med hattrick i Molde

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. mai 2025

Nicole Nordvik og dei andre jentene på Surnadal J 17 2 lag tok onsdag kveld turen til Molde for å spele seriekamp mot Træff 1. Det vart ein målrik kamp i rosenes by og Nicole scora hattrick, og sikra dermed seier for Surnadal J 17 2. 


Turglad gjeng i all slags vêr. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa tok turen til Fløystadfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbudet Surnadal turen til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune fortel Lars Gudmund Røen i ein epost til redaksjonen. 


«Sommartrening» på Atleta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:


Telia nettet vil vere ute av drift til fredag 16. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!


Inviterer til frokost 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Todalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!


Telia er framleis utan dekning i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mai 2025

I Todalen har det vore store utfordringar med mobildekninga for Telia sitt nett.  Heilt sia søndag kveld har nettet vore ustabilt og det har skapt mange problem – ikkje minst for Talgø sitt sentralbord.  Vi har no fått informasjon at det skal være ting på gang, og at det skal være håp om feilretting onsdag.