Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2025

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.


Bli med på ryddedugnad før nasjonaldagsfeiringa

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. mai 2025

Todalen bøgdalag inviterer måndag 12. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar. 


Arboretet opnar for publikum

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2025

Søndag 11. mai er den offisielle opningsdagen for Svinviks arboret, og no ligg nok både fruktblomstringa og Rhododendronblomstringa i startgropa. I løpet av komande veke vil det som skje mykje, seier museumgartner i arboretet Patrick Nilsen.  Blomstringa er så smått komen i gang, men har vore hemma av den kalde vêrtypen dei siste par vekene. No kjem varmen og da kjem ting til å skje fort både i fruktagen og i Rhododendronhagen. 


Kløvertur utover langs fjorden mot Ansneset

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. mai 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Utstillinga «FISK» i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2025

Skulstuå i Todalen har invitert Ingvar Ortega Redalen (f. 2012) til å stilla ut teikningar frå studia hans av fisk frå både salt- og ferskvatn. Velkomne til Grand Opening 16.mai kl.18.00. Det blir kanskje ein tale, men heilt sikkert sal av steinomnstekt pizza og sjokoladekake. Kunstnaren vil vera tilstades.


Flott konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2025

I dag låg det godt til rette for ei flott konfirmasjonsgudsteneste – sol frå blå himmel har vore noko uvant den siste tida og vart nok difor lagt så godt merke til.  I år var det to konfirmantar i Todalen, nemleg Trygve Alexander Halle og Jens Sancho Hadraque Ansnes, og det var Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Åsmund Valde var organist. Rundt 80 personar deltok i konfirmasjonsgudstenesta, og med det vart det ein flott salmesong. 


Pizza og sommarblomster – full trøkk på Hageland

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2025

Den kvite røyken frå steinomnen til Kjell Arve Vikavoll hadde ingenting med Leo XIV og pavevalet og det sixtinske kapell å gjera, men derimot var det full fyr for å få opp tempen i steinomnen.  Her må det nemleg varme til – rundt 400 grader må det være for å få fart på pizzasteikinga.


3-retters nasjonaldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 9. mai 2025

Det har etter kvart vorte ein tradisjon med open dag og servering på Todalshytta på 17. mai.  Grunnlovsdagen nærmar seg fort, og på Todalshytta har dei alt plana klar med ein 3-retters meny som er designa for 17.-mai, seier Arve Evensen til Todalen.no


Lyst til å bli brannkonstabel ved Todalen brannstasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. mai 2025

Surnadal kommune har ledig stilling som brannkonstabel ved Todalen brannstasjon. Så har du lyst til å vere med i det frivillige brannvesenet i Todalen, så er det berre å lese informasjonen om stillinga nedanfor og sende inn ein søknad. 


Markerte Frigjerings- og veterandagen i gråvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. mai 2025

Torsdag 8. mai vart Frigjerings- og veterandagen markert i Surnadal kommune og resten av landet. I år er det 80 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte fullstendig, og andre verdskrig var slutt i Europa. Vêret var grått, men det var opphaldsvêr under sjølve markeringa.  


Fjellgruppa: turen går til Fløystadfjellet!

Jon Olav Ørsal Fredag 9. mai 2025

Tyrsdag 13. mai møtes vi på parkeringsplassen nedafor Øye kyrkje  kl 09.45 (OBS – OBS!) for å ha god tid til Halsaferga over til Kanestraum. Der  køyrer vi til venstre mot Vatn og inn på ein bomveg til parkeringsplassen. Derifrå veg og sti opp på Fløystadfjellet. Topp tur med fin utsikt. Vel møtt, skriv Fjellgruppa […]


Triveleg medlemsmøte i Pensjonistforbundet Surnadal

Innsendt stoff - Ann Sissel U. Mogstad Torsdag 8. mai 2025

Frivilligsentralen midt på Skei var «stedet» for oss godt vaksne, onsdag 7. mai. Heile seksti personar møtte opp for å få med seg orientering om trafikksikkerheit, allsong, servering, utlodding, orientering frå styret og ein god prat.


Folkehelsemarsj langs Surna

Dordi Jorunn Halle Torsdag 8. mai 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterte til folkehelsemarsj langs Surna onsdag 7. mai, godt oppmøte og godt ver.