80 år sia krigen slutta – Vi må aldri gløyme
Det er Nordmøre Forsvarsforening som står attafor Krigsminnemuseet på Åsen. Dei har tilhald i den gamle skulebygninga på Eidet, som nok har sett sine beste dagar – det er faktisk berre så vidt at dei enkle vindua held nordvesten og regnvêret ute. Laurdag arrangerte foreninga den årlege dugnaden, og da var det tid for å flikke på den gamle skulebygninga – både utvendig og innvendig.