Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2025

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Kløverstukveld på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. februar 2025

Måndag kveld inviterte Talgø Bygg til Kløverstukveld på Gammelfabrikken, der Nils Ove Bruset frå Talgø Bygg stod for det faglege innhaldet som denne kvelden var om Talgø Bygg sin satsing på landbruksbygg. Nils Ove har jobba med dette heilt frå dens spede start på Talgø Møretre og har god kontakt med miljøet.  Måndag var det altså medlemane i dei lokale bondelaga som var inviterte gjestar.


Fin kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. februar 2025

Andre kløverturen i februar gjekk etter den eldste «Gammelvegen» inn til Todalen, altså vegen frå Sinvika og oppover bakkane til Kammen. Vegen vart bygd heilt sist på 1800-talet.


Svorka har hatt nettproblem – normal drift fra 22-tida

Jon Olav Ørsal Måndag 10. februar 2025

Svorka har i dag hatt store nettproblemer, og alle 15.000 kundane var ein periode utan tilgang til internett. I Svorka har det vore jobba både med feilfinning og feilretting, og etter kvart fekk ein del av abonnentane igjen fått tilgang til internett, sjølv om tenesta kan være ustabil.  Litt før klokka 22 melder Svorka at […]


Avlyser gratis kulturelt møte mellom Henning og Ove

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. februar 2025

Tysdag 11. februar klokka 13:00 inviterte Surnadal kulturhus, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune sin kulturelle sparerstokk, til gratis kulturelt møte mellom Henning Sommero og Ove Røsbak i foajeen på Surnadal kulturhus. Ove Røbak har vorte sjuk, og det kulturelle møtet må difor avlysast.



Premierar og tilbakeblikk på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. februar 2025

To nye filmar med eit visst publikumspotensial og eit femti-års-jubileum i Surnadal kino denne veka.No og da kjem det filmar som fangar tidsånda, som «Rotløs ungdom» på femti-talet og «Easy Rider» sist på 60-talet. Her til lands traff Anja Breien da ho hadde premiere med «Hustruer» midt på 70-talet.


Vinterferieutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. februar 2025

Fredag 14. februar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til vinterferieutsal i bakeriutsalet sitt. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffen i vinterferien på skulane, som er i veke 8. Forresten så er det VM i skiskyting også, så da kan det vere lurt å ha noko godt på lur for å feire eventuelle medaljer! 


Surnadal Jeger og Fiskerforening kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. februar 2025

Styret i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte torsdag 20. mars klokka 18:30 i klubbhuset sitt på Tellesbø (Nordsida 198). Vanlege årsmøtesaker, og det blir servering. 


Sosialt og triveleg kaffeslaberas i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 9. februar 2025

Kom og feir sola og mora stod det i invitasjonen til kaffeslaberaset i skulstua – eller gammelskulen om du heller vil.  Her kunne du iallfall henge deg på med feiring av morsdagen, og jammen kika da sola fram ei lita stund også.  Og folk strømma på og til tider var det «fullt hus» med kaffegjestar – både store og små. 


Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 9. februar 2025

Tysdag 11. februar mellom klokka 12:00 – 15:00 vil det vere manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på fylkesveg 6145. Dette på grunn av planlagt arbeid i tunnelen melder Statens vegvesen til redaksjonen.  


På pallen - Italiener på toppen av pallen men Aron på andreplass og Isak på tredjeplass. Foto Hallvor Drøpping /Trollheimen fsk

Aron og Isak på pallen i dagens sprint

Jon Olav Ørsal Sundag 9. februar 2025

Søndag var det avslutning på Youth World Cup i Malino Brdo.  Da var det sprint som stod på programmet, og Aron og Isak viste sin styrke med å sikre seg 2.- og 3.-plassen.  Dagens resultat føyer seg inn i rekkja av gode prestasjoner  under opphaldet i Slovakia. I klasse U18 men gjekk dei vegen gjennom kvalifisering og innleiande finalar til hovedfinalen og sikra seg 2.- og 3.-plassen, berre slegne av italieneren Gioele Migliorati.


Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. februar 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 10. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!