Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2025

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Blir best på heimebane i Dalalia?

Jon Olav Ørsal Fredag 14. februar 2025

I skrivande stund er det 28 påmeldt til Norges Cup til den individuelle konkurransen i randonée i Dalalia laurdag.  22 herreklassen og 6 i dameklassen – i tillegg kjem eventuelle deltakarar i trim- og turklassen med påmelding ved start.  Det er inga rekorddeltaking, men omtrent på same nivå som i fjor.


Fem fekk 50.000 i MAX-stipend frå Sparebankstiftelsen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. februar 2025

I ei pressemelding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank no på føremiddagen, får vi opplyst at fem talentfulle ungdommar kvar har fått 50.000 i MAX-stipend frå Sparebankstiftelsen og SpareBank 1 Nordmøre. Stiftelsen og banken vil den 17. mars invitere vinnarane med gjestar til felles middag og offisiell utdeling av stipenda og diplom. Vinnarane og juryen si grunngjeving kan ein lese i pressemeldinga nedanfor:


Ny bru på Hjellnesvegen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. februar 2025

Torsdag var Hjellnesvegen stengt eit par timar i samband med støyping av fundament til ny bru over Kvennhuselva.  Det er i samband med auka trafikk på grunn av linjebygging at Statnett bygger ny bru over Kvennhuselva. Når arbeidet med linjebygging startar i vår kjem det til å bli mange tunge lass som blir frakta oppover til helikopterbasen ved Hjellnes.


Historielaget kallar inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. februar 2025

Todalen historielag kallar inn til årsmøte tysdag 25. mars kl 18:00.  Det blir vanlege årsmøtesaker til handsaming på årsmøtet.  Den som eventuelt vil fremje ei sak for årsmøtet – eller seie frå seg eit tillitsverv må gjera det innan 11. mars til styret eller til valkomiteen som er Kristian Gjeldnes eller Ola Bruset.


Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. februar 2025

Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og enkel servering.


Programmet for Vårsøghelg-jubileet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. februar 2025

I år har Vårsøghelga 30-årsjubileum, og det skal feirast med eit rikhaldig program med høg kvalitet og med mange kjente norske artistnamn som Ingeborg Bratland, Ingrid Bjørnov, Herborg Kråkevik, Kari Svendsen og mange fleire. Programmet vart presentert på ein pressekonferanse på Surnadal kulturhus med styreleiar Ole Magne Ansnes og dagleg leiar Anders Larsen.


Bli med på Kårvatn Skimo denne helga

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. februar 2025

Laurdag og søndag går Skimo Kårvatn av stabelen, med Trollheimen fjellsportklubb som arrangør.    Laurdag 15. februar arrangeres Norges Cup i individuell på Kårvatn, medan det søndag 16. februar er NM i vertikal i Vang skiarena på Kvanne.


Repeterte trafikkreglar – stort engasjement

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. februar 2025

Todalen Historielag inviterte tysdag kveld interesserte til å bli med på oppfrisking av trafikkreglane.  Trafikklærar Stine Arntsberg frå Trollheimen trafikkskole var innhyra som fagperson for å friske opp kunnskapen om korleis vi skal oppføre oss i trafikken. Ho klarte å engasjere deltakarane og det tok ikkje lang tid før temaet var rundkjøringer og spørsmål om korleis ein skal bruke blinklyset og korleis ein skal opptre i rundkjøringer med tanke på vikeplikt.


Nye møter med ikoniske Beatles-songar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. februar 2025

Torsdag 13. februar klokka 19:00 kjem Lars Saabye Christiensen og Helge Iberg til Storstuå på Surnadal Kulturhus. Her vil Iberg spele sine eigne tolkningar av ikoniske Beatles-låter, medan forfattar Saabye Christiensen vil lese dikt og poetiske tekstar som er skreddarsydd for konserten. Han vil også undervegs kommentere med personlege kommentarar frå sitt eige rikhaldige Beatles-univers. 


Fastelavnsris – ein bukett for forskning

Dordi Jorunn Halle Tysdag 11. februar 2025

Kvart år finaniserer salget av Sanitetskvinnenes fastelavnsris fleire forskningsprosjekt. Inntekta av salget går til livsviktig forskning på kvinnehelse og gode tiltak i nærmiljøet.


Todalshytta åpner dørene

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. februar 2025

Det er vel ikke riktig å si at Todalshytta åpner dørene for en ny sesong, med det skjer iallfall i kommende helg i forbindelse med Valentinedag og ikke minst i samband med Kårvatn Skimo.  Fra Arve Evensen på Todalshytta har vi fått info om det som skal skje, og de inviterer til en trivelig fredagskveld i Kammerpike Edits Spiseri – og ei trivelig stund i peisestua etterpå.  Bla videre så kan du se hva de har å by på…


Berre «friske egg» i Pestua.

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. februar 2025

Det er mange som ringer og spør om vi er omfatta av D-vitaminskandalen i vårt hønsehus – det er vi ikkje, fortel Anders A. Karlsen.  Han har eit hønsehus med 7500 verpehøner i Pestua, og han kan berolige oss med at hønene i Pestua får sitt for frå Norgesfor som er levert av Røv Mølle i Surnadal.