Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2025

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


«Vintersyn 25» opnar på kulturhuset laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. februar 2025

Laurdag 22. februar klokka 13:00 opnar Surnadal kunstforening utstillinga «Vintersyn» i Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det kunstnaren Ane Vik Eines frå Aure som stiller ut, og ho vil vere til stades under opninga på laurdag. 


Eiksentret inviterer til skogdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. februar 2025

Eiksentret i Surnadal er klare til å sparke i gang, og inviterer alle som har lyst til å kome på skog- og veddag i butikken onsdag 26. februar.  Da er det mange gode tilbud på utstyr og produkt til deg som skal til skogs – enten på tømmehogging eller du skal sikre deg ved til neste fyringssesong.  Da er det både motorsager og mykje anna utstyr på tilbud til skikkelege kampanjeprisar.


Inviterer til solidaritetsmarkering for Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. februar 2025

Måndag 24. februar er det tre år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. I samband med treårsdagen blir det invitert til solidaritetsmarkering til støtte for Ukraina i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei klokka 17:00 – 18:00. 


Kløvertur i vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. februar 2025

Snøen lava ned måndag morgon. Så ein kunne undrast på om det vart kløvertur.


Surnadal demensforening og helselag

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. februar 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer medlemmene til årsmøte tysdag 12. mars kl. 17:00. Årsmøtet er på Frivilligsentralen.



Bli med oss – inviterer Surnadal demensforening og helselag

Jon Olav Ørsal Måndag 17. februar 2025

Surnadal demensforening og helselag informerer om at det blir ending i samabeidet med Treffast.   Nå som Treffast har starta opp med bingo og bridge annen hver gang på torsdager på Frivilligsentralen, starter vi opp på tirsdager med Strikk, sy og spis MED OSS fra kl 11 – 13.


Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen natt til tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. februar 2025

Tysdag 18. februar frå klokka 00:00 til klokka 06:00, altså natt til tysdag, er det manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på Fylkesveg 6145, melder Statens vegvesen til redaksjonen i Todalen.no.  


Trym slo til igjen – vart Norgesmester på Vang

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2025

Trym Dalset Lødøen gjentok gårdagens suverene seier og vann NM-konkurransen med ein margin på 43 sekund til nummer to som vart Erik Kårvatn.  PÅ tredjeplass kom Pascal Emanuel Egli med eit tillegg på 56 sekund.  I juniorklassen vart det Aron Rodal Haugen som vart sterkast, på tida 19:50,0 med Isak Drøpping på andreplass med 28 sekund etter og på tredje vart det Ivar Holen 1:15,0 etter.  Arrangøren Trollheimen fjellsportklubb måtte improvisere både starten og målgangen – løypa starter 200 meter oppi Strengentraseen på grunn av snømangel og målgangen var rett nedafor toppen – løypa vart ca 450 høgdemeter. 


Markus held turstien open – farevarsel komande døgn

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2025

Markus er ikkje redd fordi om yr.no kjem med farevarsel for mykje snø det komande døgnet.  Med spilder nytt førarkort for traktor er endeleg tida komen for å køyre på eiga hand.  Markus er ansvarleg for å halda Toåa tursti open for bruk, og i dag var det heilt strøken nedover frå Trøbakkå og nedover turstien til Halsabrua.


Kløvertur på Kvennsetleigmålet

Dordi Jorunn Halle Sundag 16. februar 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Kårvatn Skimo: Trym leda frå start til mål.

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2025

Det vart Trym Dalset Lødøen som trekte det lengste strået under Norges Cupen i Dalalia laurdag.  Han leda frå start til mål, og kom inn på 6:24,o betre tid enn Erik Kårvatn. Leda frå start til mål gjorden også Isak Drøpping som kom i mål 2:23,0 framfor Iver Holen som kom på andreplass.  I dameklassen var det Ida Wadal som vann, med heile 8:50,0 framfor Ingeborg Treu Røe og Ingrid Klokset med 11:09,0.