Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2024

Vi fann 108 artiklar i dette arkivet.


Siste medlemsmøte før sommarferien

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juni 2024

Onsdag 19. juni hadde Surnadal Pensjonistlag siste medlemsmøte før sommarferien i kantina på Surnadal sjukeheim. Det har vore tradisjon dei siste åra at elevar frå kulturskulen kjem og underheld på junimøtet, og i år var ikkje noko unntak! 


Dugnad på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juni 2024

Onsdag 26. juni klokka 17:00 inviterer Todalen Idrettslag til dugnad på Bordholmen stadion, for å klargjere anlegget til Todalsdagen 2024. Det skal slåast gras, ryddast, vaskast litt, settast opp telt og settast på plass benkar og bord. 


Svorka inviterer til kaffe og bakels laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juni 2024

I samband med «Midstommardagane i Surnadal» inviterer Svorka til open dag på Svorka bygget laurdag 22. juni klokka 10:00 – 16:00. Her vil dei, i tillegg til informasjon og konkurransar, servere gratis bakels og kaffe.  


Solsnu: Klart for den kortaste natta i året

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2024

I løpet av dagen er det sommarsolsnu, nærare bestemt i kveld – 20. juni kl 22:50 – dermed vil vi no oppleve årets kortaste natt.  Etter solsnu vil det sakte men sikker gå mot lengre netter og kortare dagar igjen.  Dei første dagane etter sommarsolnu går dette sakte, men etter kvart vil dagane her på traktane bli 6 minutt kortare for kvar dag, heilt til vi når vintersolsnu i desember.


Alt klart til Øramartnaden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Øramartnaden har, med unntak av i 2020 på grunn av nedstenginga i samband med covid, og i fjor, vore arrangert kvart år sidan 2007. På ein pressekonferanse førre tysdag vart programmet for årets utgåve av Øramatnaden pressentert, da hadde arrengementskomiteen nemleg invitert pressa til Surnadal Billag på Surnadalsøra. 


Surnadal Golf Maraton for fjerde gong på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Laurdag 22. juni klokka 07:30 går startstkotet for Surnadal Golfklubb si fjerde utgåve av Surnadal Golf Maraton. Dette er ei parturnering over 3 x 18 hol, der dei spelar fourball, foursome og Texas scramble i dei tre rundane. Spelarane går rundt 25 – 30 kilometer i løpet av turneringa. 


KNT rustar opp ruta til Innerdalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2024

KNT – Kristiansund og Nordmøre Turistforening, har i år rusta opp rutenettet frå Todalshytta til Innerdalen.  Denne ruta er nymerka for alternativet som går over Snekkardalen, og i løpet at året skal det også merkes på nytt frå Snekkardalen til Innerdalen via Bjøråskaret.  Her er det eit skille oppå Snekkardalshalsen, der den eine sien går gjennom Snekkardalen, og det andre alternativet er altså å fortsette frå Snekkardalshalsen via Bjøråskaret.


P17-koret med jonsvake i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2024

Gode musikkrefter deltek når Åsskard kyrkje fredag kveld feirar Jonsvaka for 41. gong. Arrangørkoret P17 samarbeider med operasolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, pianisten Hedda Hansen Berg og ein instrumentkvintett frå Kristiansundsoperaen. Gode musikkrefter deltek når Åsskard kyrkje fredag kveld feirar Jonsvaka for 41. gong. Arrangørkoret P17 samarbeider med operasolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, pianisten Hedda Hansen Berg og ein instrumentkvintett frå Kristiansundsoperaen. Arrangementet startar kl 21 med kåseri og fortsett med konsert kl 22.


Fjellgruppa tok turen til Ørnnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen opp til Ørnnebba ovanfor Nordvik. Fjellvandrarane køyrde opp Blomlivegen og parkerte ved inntaksdammen, 380 meter over havet.


Surnadal kino tilbake etter «teknisk knock-out»!

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juni 2024

Surnadal Kino har vore utsett for ein «teknisk knock-out» i eit par veker, men er no hardtslåande tilbake frå og med onsdag 19. juni. Dei to filmane som blir vist komande veke er Innsiden ut 2 og Bad Boys – Ride or die. 


Kanstslått pågår – pass på litt…!

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juni 2024

Ole Peder Bæverfjord frå Veidekke var tysdag i gang med kantslåtten alt i 6-tida om morgonen.   Det er no andre gongen at Veidekke tek runden rundt bygda med kantslått, og denne gongen tek dei 3 meter ut frå kviststripa, medan dei første gongen tok 1 meter ut.  


Bakels med graut på Skihytta på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juni 2024

Laurdag 22. juni frå klokka 11:00 og to til tre timar utover, inviterer driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytta til årets «bakelsdag», der dei serverer gratis kaffe og bakels med graut!