Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Ørnnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen opp til Ørnnebba ovanfor Nordvik. Fjellvandrarane køyrde opp Blomlivegen og parkerte ved inntaksdammen, 380 meter over havet.

Opp Blomlia. Foto: Anne V. Einum

Derifrå starta dei 35 pensjonistar, som i følge rapportane er ny rekord, på turen opp Blomlia mot målet, Ørnnebba. – Stien var merka og gjekk i myrterreng, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Godt å finne kjølig drikk opp den bratte Blomlia. Foto: Anne V. Einum

– Utan overdrivelse, ein «kjøle» bratt sti! Så det var godt å kome opp på fast berg og fjellplattå, men vi fekk i alle fall att for strevet, fantastisk utsyn over fjell, fjordar, og ikkje minst den vakre Nordvikstranda!, fortsett ho. 

Guiden Ingrid skuer utover vakre Nordvikstranda. Foto: Anne V. Einum

– Vi tok ein velfortent lang matpause like under toppen  av Ørnnebba, 674 moh, fortel Anne. 

Ingrid Nordvik ser ned på hytta si og Nordviksetra. Foto: Anne V. Einum

På nedturen tok fjellgåarane, under guiding frå Ingrid Nordvik ein liten avstikkar bort til der Svinviksetra (Nysetra) låg.  

Matpause i fjellets sjeselong. Foto: Anne V. Einum

Fjøset her vart bygd i 1906, og seterskjelet i 1910. Men setra fekk hard medfart vinteren 1953, da eit snøskred tok med seg seterfjøset. Siste setring på Svinviksetra vart da i 1952. 

Flott utsyn frå Ørnnebba til fjella sør for Todalen. Foto: Anne V. Einum

I 1977 gjekk det eit nytt stort snøskred, men denne gongen eit godt stykke unna setra, men vindgufsen frå skredet var så kraftig, at seterskjelet blas over ende. – Det einaste vi kunne finne etter setertufta, var ei grå. gammal gjerdepåle, fortel Anne 

Ved Ørnnebbas varde 674 moh. Foto: Anne V. Einum

– Det kunne vore fint for ettertida at denne setertufta hadde vorte merka og fått ei lita tavle om Svinviksetras historie og lagnad, avsluttar Anne. 

På tur nedatt. Foto: Anne V. Einum

Også på denne turen hadde fjellvandrarane vêrgudane med seg, med sol og varme på heile turen. Men på bilturen heim, kom styrtregnet! Griseflaks!, heiter det i rapporten frå turen. 

Her var Svinviksetra som vart teke av snøskred. Foto: Anne V. Einum

 

Publisert: 19. juni 2024, 07:11