Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2019

Vi fann 93 artiklar i dette arkivet.


Kontrollerer tilstand på FV-bruene

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. september 2019

Ein bil frå Statens vegvesen ved Halsabrua (Halset bru er vel rett betegnelse) vekkjer sjølvsagt vår nysgjerrighet. Kva er det som foregår her, egentlig? Dei to i bilen informerer oss om at dei driv ettersyn på bruene på fylkesvegane i Todalen.


Val av nytt sokneråd

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. september 2019

Måndag 9. september er det val av nye sokneråd og bispedømeråd. Her i Todalen er vallokalet i Todalen oppvekstsenter, i gymsalen på skulen. Vallokalet er ope frå 12.00 til 20.00, altså same tida som stemmelokalet til kommune- og fylkestingval.


Fellestur til Svartvatnet på Nordmarka

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. september 2019

Onsdag 4. september arrangerer Stikk UT! Surnadal i lag med trimgruppa i Bæverfjord IL fellestur til Svartvatnet på Nordmarka. Det er start frå parkeringa i Seiglia kl. 17.30, nedst i vegen ned frå Nordmarka til Bøverfjord. Dette er ein tur som passar for alle, både liten og stor! Det blir servering av frukt og sjokolade.


Kløverturen med befaring i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. september 2019

Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.


Kulturdag på Årnes – med tur til Øversetra på Hamnes.

Marit Haugen Måndag 2. september 2019

Eit 30-tals personar var samla utafor Hamnesvikan sist laurdag for å delta på siste post i årsprogrammet for Stangvik Historielag, eit samarbeid mellom Hisorielaget og Turstigruppa på Årnes. Før vi starta orienterte Svein Aarnes om turen opp skogsvegen, som var nyrydda heilt opp til den gamle seterstølen. På Hamnes hadde dei tidlegare to setrer, Nersetra og Øversetra. På Nersetra setra dei til 1940, men på Øversetra tok setringa slutt tidlegare.


Stavgang til Ranessetra

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Torsdag 5. september er det Ranessetra som står for tur. Været er ikke meldt å bli det vi ønsker oss. – Vi gjør det slik: Vi samles ved bommen, og drar derfra til vanlig tid. Men om det blir til Ranessetra, nei det er ikke godt å si. Det bestemmer vi i fellesskap. Vel møtt! […]


Ei veke att til valet på nytt kommunestyre og nytt fylkesting

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Valet nærmar seg fort, og det er berre ei veke att før vi skal gå til vallokala og si vår meining i form av stemmegjeving. I dag var Surnadal Arbeidarparti på Todalsvisitt, med stand utafor Matkroken L. Hals.


Ap-stand i Todalen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Surnadal Arbeidarparti melder at ordførarkandidat Annett Ranes og fleire dyktige kandidatar står på stand ved Matkroken i Todalen i dag, og er der i butikkens opningstid på ettermiddagen (frå kl. 16 – 18.) Velkomen!   Surnadal Ap er medlem i Todalen.no


Kløvertur etter Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. september 2019

Sanitetsforeninga melder at det blir Kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!