Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2019

Vi fann 86 artiklar i dette arkivet.


Historisk vandring – besøkte Husbygrenda

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juni 2019

Det er stor interesse for lokalhistoria i Todalen, og todalingane tek godt vare på historia si. Historielaget har nærare 200-medlemar og det er mange som er aktive i arbeidet med å ta vare på historia. Todalen historielag har kvart år eit årsskrift med artiklar frå lokalhistoria, og i fleire år har laget arrangert historisk vandring i fleire av grendene. Laurdag var det Husbygrenda som stod for tur med start i kyrkja og vandring vidare til Husby og nedover att til Bekkerhagan bustadfelt, der rundt 50 personar deltok


Planlegging av hovedinnfallsport til Trollheimen

Elinor Bolme Laurdag 1. juni 2019

Verneorådet i Trollheimen inviterer til møte og befaring vedrørande Surnadal kommune sin bestemmelse om at Todalen skal være kommunens hovedinnfallsport til Trollheimen. Dette skal være ein plass som egnar seg til kortare turar/opphald, og som har god tilgang til parkering. Det er ønske om at desse plassane skal ha ein høg grad av tilretteleggjing både for sitteplassar og toalett, og om mogleg natursti/sti tilgjengeleg for bevegelseshemma, eldre og barnevogn/sykkel.