Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2018

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Øl og sukker gjorde susen….

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2018

Den siste veka har det nærast vore full invasjon av kveks i hagen og på terrassen. Så snart du har tenkt på servering av mat eller drikke så har du dei på plass – i hundretal som ligg og virrar rundt hovudet og går til angrep. Vi har da opplevt å få besøk av kveks før og, men ikkje i slike horder som i år. Det er liksom at dei ska «ta att» for at det er lite mygg i år på grunn av uttørking av yngleplassar. Kva kan du gjera for å få kveksen unna, slik at du i det miste får matfred på terrassen? Vi har fått eit godt tips som vi gjerne deler!


Kulturell vandring til Søyådalen

Elinor Bolme Onsdag 1. august 2018

Stangvik Historielag minner om turen innover Søyådalen søndag 5. august. Oppmøte ved gammelskulin oppå Eidet kl. 10.00.  Samkjøring derifrå, ingen bomavgift.


Teft og tykkje på museet i Bøfjorden

Bernt Bøe Onsdag 1. august 2018

Gunnvald Bøe kåserer om dialekt og anna godt språk på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Ny utgåve av samlinga «Teft og tykkje» blir presentert. «Teft og tykkje» er bøfjordsk for «smak og behag». Ja, meir enn det – her ligg både sans (teft) og refleksjon (tykkje) bak!