Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2018

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Vårjamndøgn og nysnø på morgonkvisten

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mars 2018

Vårjamndøgn er på mange måtar ei lita påminning om at sommaren nærmar seg, men i dag er det ikkje mykje anna som minner oss om sommaren. Her heime er det 7-8 cm nysnø og meir er kanskje i vente utover dagen. Men det spesielle med vårjamndøgnet er at dagen og natta er like lang, og det er den faktisk over heile verda. Det skjer den 20. – eller 21. mars kvart år, og no i 2018 skjer det i dag, den 20. mars, og klokkeslettet er 17.16 lokal tid. Vil du lese meir om kan du «bla om» og lese vidare kva Wikipedia skriv:


#viå – påskerevyen du ikkje bør gå glipp av!

Elinor Bolme Måndag 19. mars 2018

Onsdag 28.mars er det jule/påske-revy på Ungdomshuset i Todalen. Den årlege julerevyen vart i fjor utsett, og komiteen sett den derfor som lova opp på ny no i påska.


Status oppkjøyrte løyper

Elinor Bolme Måndag 19. mars 2018

Norunn Holten ved kulturavdelinga hos Surnadal kommune melder no om at lysløypa oppi Tjønnmyran har kome på nett. Ved å gå inn på loyper.net , kan ein frå sofakroken heime finne ut om det er lenge sidan det er tråkka spor.


Ja til NY bru!

Elinor Bolme Måndag 19. mars 2018

Ungdomshuset var i kveld godt oppfylt etter at John og Ragnhild Moe mobiliserte for å bevare Øyabrua som ei viktig kryssningspunkt av Toåa. Som tidlegare nemt skal Øyabrua sin eksistens opp til avgjørelse i ondagens møte i hovedutval for teknikk, miljø og næring. Mange ser med bekymring på rådmannens forslag til vedtak der restaurering av eksisterande bru ikkje er aktuelt, og eventuelt ny bru skulle takast inn i investeringsbudsjett ved seinare anledning.


Påskequiz

Elinor Bolme Sundag 18. mars 2018

Pakkhuset Kro inviterer til storåpning av påskeferien med den tradisjonelle påskequizzen på lørdag 24. mars. Dørene åpner klokken 20 og de minner om at det er ønskelig med maks 8 stk på hvert lag:) Vinneren får ikke bare en velsmakende premie men også deres teamnavn foreviget på Pakkhusets «Wall of Fame».   Det vil også være Åpen […]


Øyabrua- kva no?

Elinor Bolme Laurdag 17. mars 2018

Førstkommande onsdag er framtida for Øyabrua oppe til behandling i møtet for hovedutval for teknikk, miljø og næring. I saksdokumenta som no ligg ute på Surnadal kommune si heimeside er  saka godt presentert med nesten 15 sider redegjørelser, rapportar og kostnadsoversikt for ny bru frå firmaet Safe Control. Rapportane er eintydige om at brua fortsatt […]


Pod ditt eige frukttre 

Elinor Bolme Laurdag 17. mars 2018

Svinviks arboret inviterer til podeverkstad i Svinvika søndag 18.mars kl. 12.00. Der kan du lære å pode ditt eige plomme eller pæretre, eller kome og sjå korleis det blir gjort.


Sorgbinderi på plass – ny vårsesong er like rundt hjørnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2018

På Hagelend Surnadal har dei nytta vintertida godt. Ei heilt ny avdeling for sorgbinderi er på plass, og dermed også auka satsing på avskårne blomster. I den stille vintertida har gjengen på Hageland stått på for å få alle ting på plass, med nytt kjølerom og eigen arbeidsbenk for blomsterdekorasjonar.


Stor glede over bokgåve til Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. mars 2018

Fredag fekk ungane ved Todalen oppvekstsenter overrekt ei gåve som skapte interesse, glede og engasjement; heile 56 nye bøker, 31 til barnehagen og 25 til skulen! Givaren var Sanitetsforeninga i Todalen.


 Vatn tek liv – og det er vårt ansvar

Gro Hauge Venås Fredag 16. mars 2018

Nokre stader i verda får stadig mindre vatn, andre stader vert det stadig meir vatn. Klimaendringar er ei global utfordring, og derfor også vår utfordring. Me må både stanse endringane og hjelpe dei som allereie er ramma.


Stor aktivitet med overskudd i 2017

Elinor Bolme Fredag 16. mars 2018

Todalen IL samla i kveld i underkant av 20 av sine 280 betalande medlemmar til årsmøte i Todalen Ungdomshus. Men med ei fyldig sakliste og strukturert møteleiar vart det eit godt årsmøte.


Skidemo med mulegheiter for kjempekupp

Elinor Bolme Torsdag 15. mars 2018

Kårvatn Handelskompani AS og Kårvatn Fjellutstyr AS inviterer alle til skidemo og demoskisalg i Surnadal Alpinsenter laurdag 17. og søndag 18. mars. Det blir testing av årets og neste års modellar, samt knalltilbod på utvalgte demoski og flate ski av utgåande modellar!