Årsmøte IL Søya
Årsmøte i IL Søya blir heldt onsdag 21. mars 2018, kl. 19.30 i klubbhuset ved Søyabanen.
Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.
Årsmøte i IL Søya blir heldt onsdag 21. mars 2018, kl. 19.30 i klubbhuset ved Søyabanen.
Med 84 av 221 stemmer ble Jon Bruset sitt bilete veiene skilles kåra som månadens bilete. Vi gratulerer og lovar å overbringa premie.
Skigruppa hos IL Søya arrangerer klubbrenn i torsdag 8.mars på Vang skiarena. Påmelding skjer ved ankomst frå 17.30—18.00, og starten går ca. kl. 18.15.
Nordvik grendalag melder at dei held årsmøte i forsamlingshuset på Nordvik tysdag 6. mars. Møtet startar kl. 20.00.
Todalen historielag melder at det blir årsmøte Ungdomshuset tysdag 20. mars 2018 kl. 19.30
Denne måndagen var Kløverturen lagt til Tjønnmyrane; – det fine skianlegget til Todalen idrettslag. Da det er riktig så fine vinterdagar, var det da høve både til å ta Kløverturen til fots eller på ski.
Frå Bård Smedstad har vi fått tilsendt film frå både laurdagens og søndagens randonee på Kårvatn. Mange fine minutt med reklame både for sporten og naturen vi er omgitt av.
Surnadal kommune, kultureininga, vil gjera kjent desse tilskottsordningane for første halvår 2018:
Også todalen.no må avhelde årsmøte, og fastsett dato for dette er tirsdag 13. mars kl 19.30 i Todalen Ungdomshus.
Det går knappast an å kome nærare drømmeforhold enn kva dalalia kunne by på under dagens norgescup i vertikal. Knappe halvtimen, eller heilt nøyaktig 29,44 bruka Vegard Øie på turen frå starten ved Dalahaugen og opp til høgde 904 ved Kvennåbotn.
Det var over 60 deltakarar under laurdagens norgescup på Kårvatn i Todalen. – Gledeleg at deltakartalet er på veg opp, og at det no ser ut til at trimmarane strøymer til for å delta, seier Gudmund Kårvatn. Gudmund var primus motor og initiativtakar til å bruke Dalalia til arena for randonée-satsing i si tid.
Da vi snakka med Sondre Svensli i kveld gledde han seg til å teste EM-forma i Dalalia i morgon. Han deltok i EM på Sicilia i slutten av februar som einaste norske deltakar i juniorklassen. For Sondre vart beste plassering ein 10-plass, og det er han godt nøgd med. Men laurdag er det altså Dalalia som gjeld, og det er kjempefine forhold med puddersnø og vêrgudane er i godlynne, seier rennleiar Nils Ove Bruset.