Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2017

Vi fann 54 artiklar i dette arkivet.


Triveleg førjulstreff med utdeling av barnets lykkeskilling

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. november 2017

Todalen sanitetsforening tjuvstarta adventstida med å invitere bygdefolket til førjulstreff siste dagen i november. Heile 40 personar møtte opp til sosialt samvær og julemiddag i Sanitetshuset.


Røykvarslerdagen – har du skiftet batteri?

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. november 2017

Fra år 2000 og fram til i dag har det omkommet 1004 personer i brann i Norge, og desember er den verste måneden. Stig Sæter i Gjensidige Surnadal oppfordrer derfor alle til å benytte Røykvarslerdagen – 1. desember – til å bytte batteri og teste røykvarslerne sine.


Stangvik historielag med nytt årsskrift i sal

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. november 2017

I disse dager er Stangvik historielag på banen med nytt årsskrift for 2017. Som vanleg byr årsskriftet på variert historisk materiale frå det området dei famnar – gamle Stangvik kommune. Dette er no samla mellom to permar på tilsaman 56 sider i ei flott trykksak som blir delt ut til medlemane i Stangvik historielag og som elles er til sals til andre som ønskjer å kjøpe heftet.


Så vart det kaldt – og leik på isen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2017

Endeleg vart det kaldt nok til å islegge asfaltplassen på Bordholmen. Nokre dagar med kuldegrader er nok til at Todalen I.L. har laga ein fin isbane på Bordholmen, og dermed var aktiviteten alt i gang med ishockeyskeiser og køller.


Full guffe med snøproduksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2017

Måndag kveld var det full guffe med snøproduksjon i alpinsentret i Sæterlia.  Kjærkomne kuldegrader sørga for gode forhold til snøproduksjon, så dersom kaldvêret fortsett utover veka så ligg det vel an for sesongopning i Surnadal Alpinsenter etter som vi forstår. Det er meldt kaldvêr til og med fredag, men så kan det bli eit par […]


Velkomen til julegateopning

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2017

Laurdag 2. desember kl 16.30 blir det julegateopning ved Matkroken i Todalen, og kanskje så kjem nissen også?


Folkeleg humor på «torsdagstreff»

Elinor Bolme Måndag 27. november 2017

Det dunstar av filmhistorie når Hallvar Witzø kjem på «torsdagstreff» på Surnadal kulturhus 30. november kl. 1300.

For det er vel ingen norsk filmregissør som har hatt slik uttelling som Hallvar. Han har laga to (kort)filmar: den eine vann Student-Oscar og var nominert til sjølve Oscar-prisen – og den andre var nominert til Gullpalmen i Cannes.


Strikkekaffe på laurdag

Elinor Bolme Sundag 26. november 2017

Førstkommande laurdag blir det strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Fikk 4-årsboka i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 26. november 2017

Søndag var det domssøndag, og familiegudsteneste i Todalen kyrkje. På denne dagen var det også utdeling av 4-årsboka som nærast er ei «arbeidsbok» for 4-åringane som eit ledd i trusopplæringa i kyrkja.


Familiegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. november 2017

Søndag 26. november kl 11 blir det familiegudsteneste i Todalen kyrkje. Da blir det utdeling av 4 og 6-årsbok, og takkoffer til trusopplæringa. Prest under gudstenesta blir Bjørn Hovde.  Etter gudstenesta blir det kyrjekaffe.  


Kjøp julekalender og støtt alpingruppa

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2017

Laurdag er Isak Drøpping på plass på Matkroken for å selge Surnadal I.L.s alpingruppes julekalender. Inntekta frå salet går til drift av alpinggruppa og for å halde prisane nede på heiskorta.


No kan du kjøpe «Jul på Nordmøre»

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2017

Jul på Nordmøre har ein lang tradisjon i vår julførebuing. No er årets hefte kome i salg – årgang nummer 82. Skriftstyret er stolt av produktet, og håpar sjølvsagt at mange vil kjøpe årets hefte.