Stangviktur for Stavgangarane
I dag gikk stavgangturen til Stangvika, med parkering og start hos gammelordføraren på Brøskja. Heile 44 deltakarar var samla på denne flotte vêrdagen, og turen gikk utover til Brøskjehagan før dei snudde og sette nasen innover igjen. Etterpå vart det samling på Svissholmen, og godt med ein kaffepause og noko å bita i .