Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvikk komikk med Statsteatret og Karoline Krüger

Elinor Bolme Onsdag 3. mai 2017

«1950 Spionen» gjestar Surnadal kulturhus onsdag 10. mai kl. 19.00. Framsyninga som tek for seg det glade og paranoide 50-talet har fått særs gode kritikkar. CIA, KGB, kald krig, kommunisme og angsten til Arbeiderpartiet. Alt servert på ei seng av reklame for sigarettar, alkohol og det nyaste innan kvitevarer. 

Og hugs: Det at ein er paranoid betyr ikkje at ein ikkje er overvaka …

1950 Spionen er ein samproduksjon med Teatret Vårt, Rogaland Teater og Oslo Nye Teater, og hadde premiere i Stavanger 3.april til strålande kritikker; 

«At Spionen ikke blir en dyster thriller for spesielt interesserte, skyldes ikke minst Karoline Krüger som Astrid Høyer. Hun letter opp de dystre sidene med elegant framførte 1950-tallslåter, klassiske perler og nyskreven musikk. Artisten matcher utmerket de tre drevne skuespillere Per Kjerstad (Øye), Gard B. Eidsvold (Olsen) og Kim Sørensen (psykiateren). Bra!» Stavanger Aftenblad.

Vi har fått tre fribillettar med Surnadal kulturhus og inviterer dei som er interesserte i å delta i ein konkurranse: 

Ein av attraksjonane på Vårsøghelga er Ole Paus. Han ga ut oppdaterte skillingsviser under namnet «Pausposten» frå 1977 og i nokre år framover. På den første plata song han ei ballade om ei norsk kvinne som spionerte til fordel for Sovjetunionen. Ho vart arrestert i januar 1977. Kva er namnet på denne spionen?

Send svaret på e-post red@todalen.no innan laurdag 6. mai og bli med på trekninga på  tre billettar til det som ligg an til å bli årets mest populære teaterframsyning!

 

Først publisert: 3. mai 2017, 12:00 - Sist oppdatert: 2. mai 2017, 22:26