Halloweenfest i Skulstuå
På søndag inviteres alle barn i Todalen til Halloweenparty i Skulstua. Arrangør er Justina på Bjørli saman med Line i Myrmo. Her er det frivillig om ein øsker å kle seg ut eller ikkje.
Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.
På søndag inviteres alle barn i Todalen til Halloweenparty i Skulstua. Arrangør er Justina på Bjørli saman med Line i Myrmo. Her er det frivillig om ein øsker å kle seg ut eller ikkje.
Neste uke er Svarrabærje Teaterlag sceneklare med sin revy «Fær å sæi de slik», og billettsalget er allerde godt i gang. I skrivende stund er det ennå billetter att både til premieren onsdag 11. november og til de 3 andre forestillingene på torsdag, fredag og lørsdag kveld. Erfaringsvis går billettene fort unna når premieren nærmer seg, og det kan lønne seg å være litt kjapp for å få en god plassering.
Vekas søndagstur går til gapahuken ved Gråurtjønna (600 moh.) fra parkeringsplass i Fossdalen i Rindal. Dette er ein tur på ca. 3,7 km. med gangtid på 1.15 t. – 1.45 t. Merka sti langs veg i første del, deretter slakt oppover i forholdsvis tørt terreng.
Endeleg er den nye solsenga på plass i solsengrommet på Hett & Svett. Den gamle solsenga sa nemleg takk for seg tidlegare i år og Todalen idrettslag har vore i marknaden for å skaffe ei ny eller kanskje vi heller skal seie ei nyare solseng. No er ho på plass, og elektrikaren har sørg for oppdatering av installasjonen i solsengrommet – så no er det berre å stille seg i kø.
Etter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.
Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Send inn bilete til oss på red@todalen.no.
Økonomigruppa i IL Søya arrangerer årets store basar med inntekt til alle gruppene i idrettslaget i Myrvang søndag 8. november kl 17.30. Her blir det som tidlegare år også utdelt deltakardiplom til alle spelarar i aldersbestemte klassar frå knøttar, til og med G/J12.
Start 4H feira søndag kveld sesongslutten med haustfest i Todalen oppvekstsenter. Haustfesta er tid for oppsummering og for vise fram kva medlemane har jobba med det siste året, og publikum var søsken, foreldre, besteforeldre og mange andre interesserte som kom for å sjå og høre.
Trimgruppa saman med ski- og friidrettgruppa inviterte i dag bygdafolket til god gammeldags basar med utdeling av trimkrus og deltakarpremiar til så å seie alle ungane i bygda som gjennom både vinter og sommarsesong har delteke på gruppas arrangement. Desverre var det ikkje så alt for imponerande oppmøte, men dei som kom fekk i allefall støtta eit aktivt idrettslag og ikkje minst treft sambygdingane sine.
Laurdag hadde G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen si avslutning av ein lang fotballsesong. Dei var samla i Bondehuset i Stangvika, etter at dei fleste av dei tidlegare hadde delteke på IL Surnadal sin BUA-cup med blandalag. I Bondehuset hadde lagledarer og trenarar rigga i stand langbord med servering av både pizza, brus, kaffe og kaker.
Denne veka kom tomtearbeidet i gang i Bekkerhagan. Det er Siri Skjerve og Anders Gjeldnes som har starta sitt byggeprosjekt, og Gjeldnes Maskin har i løpet av nokre dagar opparbeidd tomta og gjort den byggeklar. – Neste veke startar vi med støyping av ringmur og plåte, og da vil det gå slag i slag framover, seier Anders Gjelnes til Todalen.no.