Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2011

Vi fann 61 artiklar i dette arkivet.


Opne hagar

Opne hagar

Jon Olav Ørsal Sundag 14. august 2011

I helga har det vore «1000 opne hagar» i hagelagets regi, samtidig som det har vore ein del av Norsk Vandrefestivals program. Her i bygda har dett vore omfatta hagen til Dordi Anne Hyldbakk på Slettbakkan og Svinsviks arboret. Søndag var det open hage frå 12-15 med gratis inngang, og det var mange som nytt høvet til å sjå innom.

Les heile saka

Slutt på teltlivet

Slutt på teltlivet

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Midt på dagen i dag vart det brått slutt for teltlivet på Bordholmen. Sterk vind gjorde at storteltet som har stått oppe sia Todalsdagen krølla seg rundt lysmasta som står der. Til alt hell gjekk det berre utover teltet sjølv, og ikkje campingbilen som stod parkert ein stor meter unna. Bileigar Hergen Albrecht skjøna fint lite då sambuar Inge Rühl banka på døra for å fortelje kva som var skjedd mens han var i dusjen.

Les heile saka

Søyacupen i rute

Søyacupen i rute

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Førstkommande laurdag er det klart for årets Søyacup. I år melder dei om rekorddeltaking, med heile 52 påmeldte lag. Her er det påmeldt 18 knøttelag, 17 mini lag og 18 lillegutt lag. Dette gjer at det blir full aktivitet på 7 banar frå klokka 10-18 laurdag den 20.

Les heile saka

Mange steinbærarar!

Mange steinbærarar!

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2011

Strålande ver gjorde at Norsk Vandrefestival sitt arrangement «Kvit varde» vart meir som ein suksess i dag. Vel eit 50 tals personar tok turen opp frå Innerdalsmerket og forbi Tristeinane til Toril Redalen sitt kunstprosjekt «Kvit varde». Her var det stor stemning, også blandt alle ungane som var med på turen. Det var eit jamt tilsig av folk utover heile dagen, både av todalingar og ein del turistar. Ruta mellom Kårvatn og Innerdalen er flittig bruka.

Les heile saka

Høgmesse søndag

Høgmesse søndag

Jon Olav Ørsal Fredag 12. august 2011

Søndag 14. august er det høgmesse med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Den startar kl 11, og det er offer til Todalen misjonsforening. Da vår eigen organist er på ferie er det organisten i Rindal Daniel Bjørlo som vikarierer. Det blir nok ei litt spesiell gudsteneste denne dagen, for Moe-slekta i Hemne (-og Todalen) har søskjenbarntreff i Todalen i helga. Mellom anna kjem tre av Bjørkøybrørne; Harald, Gunnar og Svein. Dette vil nok prege salmesongen i kyrkja denne dagen, og Svein Bjørkøy vil opptre med solosong under høgmessa. Dette er det verdt å få med seg.

Les heile saka


Tapasaften fredagskveld

Tapasaften fredagskveld

Elinor Bolme Torsdag 11. august 2011

Fredag 12.august gjentas suksessen fra i fjor med Tapasaften på Pakkhuset kro. Då kjem gjestekokkar frå Spania og inviterer til storstilt tapasbuffet. Tapas betyr smårettar, og desse blir laga av spanske Francesc Perez Baldo og kona Siri Lund, fra Kristiansund. Dette gjør at tidligerer annonsert pubaften lørdag utgår

Les heile saka

Stavganggruppa startar aktiv haustsesong

Stavganggruppa startar aktiv haustsesong

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. august 2011

Den torsdag 18. august startar Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag haustsesongen, fortel Martinus Torvik i ein e-post til Todalen.no. Da møtes gruppa i Stangvika, ved kykja, og køyrer så til prestgardsskogen som er utgangspunkt for turen. Men allereie fradag (12.8.) tjuvstartar dei sesongen, da laget er invitert på tur til Valsøybotn, der Norsk Vandrefestival har invitert til «Stavgangtur i Valsøybotn». Dit går det buss frå Skei kl 10, og det er berre å møta fram.

Les heile saka

….og kantslått vart det!

….og kantslått vart det!

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2011

Laurdag kommenterte vi manglande kantslått på kommunale vegar på Todalen.no. I dag starta arbeidet med kanstslåtten, og den første skåren frå Bruset og oppover retning Kårvatn kom igang. Om det blir kantslått på alle kommunale vegar i Todalen i denne omgang veitvi ikkje noko om, men det er i hvertfall viktig at den mest trafikkerte turistvegen i kommunen, Dalavegen, blir «pussa opp».

Les heile saka

På lufta igjen…

På lufta igjen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2011

Todalen.no er forlengst på lufta igjen etter driftstans på grunn av serverproblem. Problemet starta på tampen av tysdagen, og det var heilt umuleg å få kontakt med serveren til onsdag føremiddag. Men no skal alt være som normalt igjen og det håper vi vil vedvare.


Kvit varde – lørdag kl 10

Kvit varde – lørdag kl 10

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. august 2011

Torsdag starter Norsk vandrefestival 2011. I år er åpningsprogrammet lagt til Skogan gård i Valsøybotn. Vandrefestilvalen har et rikholdig program – noe for enhver smak. Lørdag 13. august er en av programpostene lagt til Todalen, nærmere bestemt til Tristeinan. Under den første vandrefestivalen i 2010 ble de første grunnsteine i Den Kvite Varde lagt. Dette kunstprosjektet vil spenne seg over år, og fortsette og være et fast innslag i Norsk vandrefestival sitt program, helt til den siste steinen i varden blir lagt

Les heile saka

1000 opne hagar – i arboretet

1000 opne hagar – i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. august 2011

Søndag 14.august er sommarsesongens siste opningsdag i arboretet. Det blir ein spesiell dag, fordi vi da er med på det landsdekkjande arrangementet «1000 åpne hager» gjennom Hageselskapet, og vi er på denne dagen også lagt inn under turprogrammet for Norsk vandrefestival som går no til helga, fortel Dordi Kjersti Mogstad i ein e-post til Todalen.no.

Les heile saka