Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2010

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Imponerane SUSrock

Imponerane SUSrock

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2010

Torsdag kveld var siste framsyning av revyen SUSrock. Dermed er 10.-trinnet ved surnadal ungdomsskule i mål med revyprosjektet som dei har jobba med i 7 månader. Til ståande applaus frå den nerast fullsette Storstua i kulturhuset, kunne dei runde av årets revy. Og dei kom jammen frå det med eit produkt dei kan vera stolte av. Det var god underhaldning frå start til mål, og publikum fekk full utteljing både for tid og pengar. Skal ein bruke eit ord, så må det bli «imponerande».

Les heile saka

Bli med på fotokonkurranse

Bli med på fotokonkurranse

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2010

Godt mot, Todalen minner om fotokonkurransen som pågår i regi av Bygdeforskning. Innleveringsfristen er satt til 1. oktober, så her er det berre å svinga seg rundt.

Les heile saka

Mange sprekingar

Elinor Bolme Onsdag 29. september 2010

Tirsdag ettermiddag var det duka for Sanitetens årlege Løftatur. Mange deltakarar i alle aldersgrupper stilte opp for å gå runden oppå Løfta og nedatt til Sanitetshuset. Årleg vert det over heile landet arrangert Sanitetens veke med ulike tema. Tema i år var fysisk aktivitet og ernæring.


Tap mot Træff

Tap mot Træff

Knut Haugen, IL Søya Onsdag 29. september 2010

Tirsdag kveld var G14 på Molde-tur for å møte Træff. Skadeforfall fra både Malin Sønderland Mossing og Ørjan Nes Haugen gjorde at vi måtte gjøre endringer i laget, og et par av de yngste spillerne våre fikk sjansen fra start. SøyaTodalen/KvassUlvungen åpnet bra, bl.a. fordi hele laget viste en langt bedre kjemping enn mot AK sist søndag.

Les heile saka

Renovering i barnehagen

Renovering i barnehagen

Elinor Bolme Tysdag 28. september 2010

Barnehagen hadde i vår befaring av fagfolk med tanke på sikkerheta på uteområdet. Dette medførte ein del feil og manglar som måtte rettast opp. I den anledning vart det bestemt at det skulle innvesterast i nytt leikeapparat som både skule og barnehage skulle ha nytte av. Difor har det no vorte anskaffa eit stort og utfordrande leikeapparat attmed ballbingen.

Les heile saka

Nytt blogginnlegg i farta

Nytt blogginnlegg i farta

Elinor Bolme Tysdag 28. september 2010

Da har Gjermund jobba såpass at enda eit blogginnlegg har landa i innboksen til todalen.no. Også denne gongen går turen sørover til Oslo. Men neste gong, skal vi nok ikkje dit.

Les heile saka

Trufaste i kiosken

Trufaste i kiosken

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. september 2010

Måndag kveld var det sesongslutt for fotballen på Bordholmen. Da sette også Karen Johanne og Svein Talgø bort bakelsjarnet for i år. Dei har heile sesongen vore trufaste i kiosken i klubbhuset, med salg av bakels og kaffe. Og bakelspressa har gått jamt og trutt, for dei har skaffa idrettslaget over tjue tusen i kassa i løpet av sesongen.

Les heile saka

En liten smak av SUSrock

En liten smak av SUSrock

Marte Talgø Tysdag 28. september 2010

I går blei generalprøven gjennomført med glans, og det var Nordmøre Folkehøgskule-elever som var publikum. I kveld er premiæren, og mange er veldig spente.

Her kjem fleire bilete, og vi håpar alle har huska å bestille bilettar!

Les heile saka

Målkalas for G12 Søya/Todalen

Målkalas for G12 Søya/Todalen

Elinor Bolme Måndag 27. september 2010

I kveld var det siste kamp i seriespelet for G12 laget Søya/Todalen. Dei møtte eit ungt Surnadalslag som dei bokstavleg tala overkjøyrde.

Gutane spela godt i begge omgangane, tildels med direkte ballkontroll både i forsvar og angrep.

Les heile saka

Fotballavslutning etter endt sesong

Fotballavslutning etter endt sesong

Elinor Bolme Sundag 26. september 2010

I dag var knøttar og miniar samla på Bordholmen for å markere endt fotballsesong. Trenarar og oppmenn hadde bede dei på pizza, brus og sjokoladekake, utan sportslege forpliktelsar. Og i det fine haustveret var det dekt på langbord ute i den anledning.

Då det er litt lite ungar i desse årsklassane, har det vort til at nokre av dei yngste har fått vore med å hjelpe G10 laget på nokre av kampane.

Les heile saka

Tap for G14 mot AK/KHF/Gry

Tap for G14 mot AK/KHF/Gry

Knut Haugen, IL Søya Sundag 26. september 2010

Vi måtte se at AK/KHF/Gry fikk med seg en klar 3-0 seier fra Ålvundfjord søndag 25. september. Kampen var jevnspilt i første halvdel av 1. omgang, Vi noterte et par store sjanser til begge lag, men uten at det ble scoringer. Midtveis i omgangen måtte lagkaptein Ørjan Nes Haugen ut med skade etter en kollisjon med en AK-spiller og vi mistet dermed hans styrke og fart i forsvaret. Denne skaden så også ut til å prege resten av laget, vi lot AK kom høyere på banen – og i løpet av noen få minutter stod det plutselig 2-0 til gjestene fra Averøya.

Les heile saka

Haustens kaldaste natt

Haustens kaldaste natt

Jon Olav Ørsal Sundag 26. september 2010

I løpet av natta har temperaturen sneket seg såvidt under nullen og sørga for rimfrost på marka. Termometeret viste minimumstemperatur på 0,2 kuldegrader, men på marka har det nok vore kaldare. Men når sola kom var det fort gjort å fjerne rimet.

Les heile saka