Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2020

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. september 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 7. september i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Bud – Søya/Todalen G12

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. september 2020

Klokka 17 i ettermiddag spela Søya/Todalen G12 sin andre kamp for dagen. Kampen vart spela på Bud kunstgress og motstandar var Bud. Med ein kamp allereie i føtene var støtteapparatet spent på korleis dette ville slå ut i denne kampen. Første omgang var jamspelt, så det såg ikkje ut til at kampen tidlegare på dagen påverka spelarane. Men utover i andre omgang fekk laget merke at det tek på å spele to kampar på ein dag. I tillegg fekk laget eit par skadar i andre omgang, noko som ikkje akkurat bidrog positivt på allereie trøtte føter. Heimelaget vart difor for sterke utover i andre omgang og kunne til slutt surfe inn ein trygg heimesiger. Søya/Todalen sine mål vart scora av Marius M. Kvande (2), Sigurd Kvendset (1) og Halvard Nordvik (1).


Samla dei sterkast karran i bøgden….

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2020

Når ny kjøledisk skal inn i lokala på Matkroken er det naturleg å samle dei sterkaste karann i bygda, proklamerte handelsmann Nordvik da arbeidet starta straks før stengetid laurdag. Den gamle kjøledisken for frukt og grønt skal få avløysing og ny, større og meir moderne kjøledisk skal erstatte den gamle. 


Søya/Todalen G12 på tokt i Hustadvika

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. september 2020

Søya/Todalen sitt G12 lag er på tokt i Hustadvika kommune i helga. Dei skal spele heile 3 kampar på 2 dagar med innlagt overnatting  på Hustadvika Gjestegård på Farstad. Så her får laget god tid til lagbygging og sosialt samkvem med kvarandre. I løpet av helga skal Søya/Todalen spele mot Ekko/Aureosen laurdag kl. 12, mot Bud laurdag kl. 17 og til slutt mot Bryn på søndag kl. 12.


Fjellgruppa utset turen til Grytbakksetra ei veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2020

Det er meldt vind og regn til tysdag 8. ds, så vi sett ut «Fjellgruppeturen» til Grytbakksetra ei veke – til 15. september! Det melder Tor Asel, Brage og Kristian, som er vegvisarar på turen.


Fotballkamp i beste FAIR-PLAY ånd!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. september 2020

Torsdag kveld var det duka for sesongens første fotballkamp på Bordholmen. Heimelaget hadde fått besøk av Surnadal G10 1. Det vart ein jamn, og ikkje minst underhaldande kamp, som bortelaget til slutt vann med knappast moglege margin. Trym S. Kvendset var dommar og hadde full kontroll i ein lettdømt kamp. Mykje folk hadde møtt opp for å sjå på kampen. Ingunn Mikkelsen hadde ein stri tørn i kiosken med steiking og sal av bakels. Ho gjekk tidleg tom for bakels, så ho måtte konstatere at ho nok hadde kunne ha selt ein god del meir om ho hadde hatt meir røre, men ho hadde heldigvis andre varer som og fall i smak.


Friluftlivets veke med StikkUT!-Maraton, frå 5. til 13. september.

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. september 2020

Stikk UT! Maraton – hvor mange turer kan vi i Møre og Romsdal gå i Friluftslivets uke? 

Friluftsrådene i Møre og Romsdal ønsker å være med på den landsomfattende markeringen av Friluftslivets uke. Vi gjentar suksessen fra i fjor og inviterer nye og gamle Stikk UT! -deltakere med på en spennende utfordring, nemlig Stikk UT! Maraton! I 2019 ble det registrert over 23 600 turer under Stikk UT! Maraton. Hvor mange turer kan vi klare å gå i år? Alt bygger på det kjente Stikk UT! -konseptet, med de samme 436 turmålene å velge mellom.


G/j8 Søya-Kvass Ulvungen på Søyabanen.

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. september 2020

Bjørn Nes Kvande har sendt oss et par bilder frå G/J kampen mellom IL Søya og Kvass/Ulvungen.  Stor innsats i ein forrykande kamp som endte med poengdeling.


Nordvik til Kårvatn – klubbritt for full fres

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2020

Tysdag kveld 2. september arrangerte Trollheimen Sykkelklubb det årlege klubbrittet frå Nordvik til Kårvatn. Ikkje uventa var det Håvard Gjeldnes som nærast tangerte rekorden på tida 33,39 men Stig Mikkelsen var hakk i hel og kom inn på tida 33,42. Tredjeplassen kapra Eskil Håvik på tida 34,03. 


Finvêrstur til Vassdalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2020

Tysdag 1. september, var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Vassdalen i Vindøldalen. Det var nydeleg vêr og vi hadde ein skikkeleg fin tur!  Anne-Sissel og Nils Mogstad har sendt oss blider frå turen, og det ser da reint så idyllisk ut.  Og jammen hadde dei vêret med seg på turen denne gongen også – med klår haustluft som er med og gjer utsikta heilt unik.



Fotballkamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. september 2020

Torsdag 3. september er det fotballkamp mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G10 1 på Bordholmen kl. 18:00! Då er det duka for første kamp på Bordholmen denne sesongen. Koronasituasjonen har ført til at sjølv om vi no skriv september så har sesongen knapt starta for borne- og ungdomsfotballen. For Søya/Todalen G9/10 er dette tredje kampen denne sesongen.