Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2018

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.

Side 7 av 7« Første...34567

Allsidig Bøfjord-helg med variert program

Bernt Gudrunson Bøe Onsdag 5. september 2018

Fredag til søndag byr Bøfjordhelga 2018 på massevis av opplevingar. Programmet spenner frå konsertar, loppemarked, utstillingar og fotball til kleppfiskhistorie og gudsteneste.
Arenaer rundt heile bygda samordnar ulike tilbod til små og store. Fredag ettermiddag startar Bø Grendalag med Kveldheim-treff før Leikarvollen Scene arrangerer konsert med Torstein Snekvik og Halvdan Sivertsen.


Noregs mest populære turruter – Svinvikrunden på 8. plass!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. september 2018

Over 100 turruter var med og kjempa om å bli kåra til Noregs beste turrute, og Svinvikrunden kom til slutt på 8. plass! Og i følge NRK fekk Svinvikrunden flest stemmer av turrutene i Møre og Romsdal. Det var Madonnastien i Eggedal i Buskerud som flest stemmer.


Inviterer på frivillighetsmøte den 11. september

Jon Olav Ørsal Måndag 3. september 2018

Kulturetaten inviterer til sitt årlege frivillighetsmøte den 11. september kl 19, i Kammerset på kulturhuset. Da blir det orientering om alt som foregår innafor kulturetaten og informasjon om alle tilskotmuligheter som finns innafor det offentlige, både på lokalt-, regionalt- og nasjonalt plan, fortel kulturleiar Lilli Husby.


Flott tur over fjellet frå Ålvundeid til Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Du kunne faktisk ikkje fått betre turvêr enn deltakarane på Trollheimsmarsjen fikk På turen frå Leikvoll på Ålvundeid overfjellet til Todalen og målgang på Bordholmen. I år som i fjor gikk turen frå Ålvundeid og over Todalen og ikkje frå Todalen til Ålvundeid, og det har faktisk gjeve betre deltaking i marsjen. I År var det 68 deltakarar medan det i fjor var 75. Det ser ut til at logistikken fungerer betre på denne måten, seier leiar for TILs trimgruppe Jorunn Nordvik, som var overraska over at halvparten av deltakarane i år var med for første gong.


Månadens bilete

Mari B. Redalen Sundag 2. september 2018

Vi er klare med månadens bilete kåring, bli med å stemma fram ein vinnar som får ei lita gåve fra oss.


Kløvertur til Øygardshalsen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. september 2018

Måndag 3. september blir det Kløvertur til eit heilt nytt turmål, nemleg Øygardshalsen som ligg litt opp og ut for  skianlegget på Vang. Dette er ein fin og lett tur i relativt flatt terreng, men når ein kjem opp til trimposten, er det fin utsikt. Utgangspunkt for turen er klubbhuset til Søya på Vang. Lengde på […]


Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Klokka 9.00 starta dei første deltakarane frå Leikvoll på turen over Vardan og til Todalen. Det er i disse dager 10 år sia førte gong trollheimsmarsjen var arrangert i samband med 100-årsjubileet til I.L. Ulvungen og Todalen I.L.. Men dagens marsj er nr 9 i rekkja, for Marsjen har vore avlyst 2 gong i denne perioden. […]


Fleirkulturelle kvinnegrupper hausten 2018

Elinor Bolme Sundag 2. september 2018

Kyrkja i Surnadal inviterer til både bønnesamlingar, strikkekaffe og leksehjelp på Kyrkjelydshuset onsdager utover hausten. Leksehjelpa er for kvinner som går på Voksenopplæringa og i videregående skule, medan dei andre samlingane er for alle interesserte.      


Ein festdag på Svinvikbrygga

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Det var ein skikkeleg festdag i Svinvikbukta da SuSu-programmet arrangerte rokonkurranse der dei to geitbåtane – Fjordmerra og Hjelmkonnå var sentrale. Det vart stilt to lag for kvar side, første heat var eit lag frå Surnadal vidaregåande skule mot eit lag frå Sunndal Videregående skule, medan 2 heat var eit oppgjør mellom Søya/Todalen på ei side og eit blanda lag fra Sunndal. Her var det fullstendig utklassing og Søya/Todalen kom i mål nesten 2 minutt føre Sunndalslaget. Konkurransen skapte stort engasjement, men samtidig var det eit uhøgtideleg og artig innslag.


Erik perset under UM på Overhalla

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Erik Kårvatn har i helga delteke i Ungdomsmesterskapet (UM) i friidrett på Overhalla i Namdalen, og Erik var teken ut til å løpe 800 meter i klasse G15. Det er 23 deltakarar i klassen hans som har kvalifisert seg til å delta på UM på landsbasis, så det er eit høgt nivå. Erik er inne i sin første sesong på friidrettsbanen og trenar og deltek for Rindal I.L. der det er eit rikt friidrettsmiljø. UM var hans første storstemne så langt.


Sjøsettinga er unnagjort – no blir forma finpussa

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Da er både «Hjelkånå» og «Fjordamerra» sjøsett i båthamna i Todalen og er på veg utover til Svinvika der rokonkurransen skal foregå.  Nå blir forma finpussa og båtane blir klargjort for konkurransen.  Familiedagen i Svinvika startar kl 13.00 og da blir det variert program utover dagen og ikkje minst servering av heimlaga fiskesuppe får Svinvik […]


Det vart ei vakker «Lykkekstynnj» i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 1. september 2018

Svanhild Husby med band inviterte til «Lykkestynnj», og det vart ei god og fin stund i Ungdomshuset med vakker song og musikk; – tekster som varierte frå dei fine og vare til dei meir lette og humørfylte. Svanhild Husby er utruleg flink både med ord og tonar!


Side 7 av 7« Første...34567