Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Klokka 9.00 starta dei første deltakarane frå Leikvoll på turen over Vardan og til Todalen. Det er i disse dager 10 år sia førte gong trollheimsmarsjen var arrangert i samband med 100-årsjubileet til I.L. Ulvungen og Todalen I.L.. Men dagens marsj er nr 9 i rekkja, for Marsjen har vore avlyst 2 gong i denne perioden. Det var i samband med raset i 2013 og eit år på grunn av dårleg vêr.  Men i dag får iallfall deltakarane ein fin tur over fjellet og det er høve til å registrere start fram til kl 11 frå Leikvoll stadion.

På Leikvoll var eit trettitals deltakarar alt registrert og på veg ut i løpa nokre minutt over kl 9 Foto IL Ulvungen

Bussen frå Todalen starta presis kl 8.30 og hadde da eit tjuetals deltakarar om bord, fortalte Jorunn Nordvik i TILs trimgruppe. Ho rekna med nokre påstiginger i tillegg på turen utover til ferja på Kvanne.  Todalen I.L. er vertskap på Bordholmen etter at turen over fjellet er unnagjort. På Bordholmen blir det servert bakels og graut, soddmiddag og elles forfriskninger som brus, kaffe og is.  

Som sagt er det høve til å starte fram til kl 11, så dersom du har lyst så har du fremdeles lov til å bli med på turen frå Ålvundeid over til Todalen.

Salg av tresløyd og vandrarstavar på leikvoll i morgontimane foto: IL Ulvungen

Jorunn Nordvik solgte billettar på buss og ferje til Randi helene Husby og Ståle Ansnes. For Ståle er det sjuande gong han går Trollheimsmarsjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. september 2018, 09:26