Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2018

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 7« Første...34567

Skytetrening ved ytter brua i Dalavegen

Jon Olav Ørsal Sundag 13. mai 2018

Den nystarta klubben Trollheimen Sportsskyttere skal ha skytetrening på den gamle skytebanen ved ytter brua i Dalavegen, den 24. mai frå kl 19.00 og utover, fortel leiar i klubben Anders A. Karlsen til Todalen.no Den nystarta klubben har 14- 15 medlemar frå både Rindal, Surnadal og Todalen i dag, og er enno i startfasen. Trollheimen Sportsskyttere er en dynamisk sportsskyttarklubb, […]


30. juni brakar det laus igjen…

Jon Olav Ørsal Sundag 13. mai 2018

Laurdag 30. juni er det Todalsdagen 2018 som står på kalenderen. Det skjer som vanleg på Bordholmen og som vanleg er det fotball som er hovedbudskapet på agendaen denne dagen. Det er fotball for dei alle minste – knøtter, miniputter og lilleputter, som står i fokus denne dagen – og heile dagen.


17. mai – program for feiringa på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mai 2018

På Nordvik startar feiringa av nasjonaldagen med folketog frå Oppistua og innover til Nordvik forsamlingshus, der det er både feiring, servering og tale for dagen. Leikar for borna er det også – og det skjer på Øygarden Stadion – rett i nabolaget.


Svinviks arboret – godt å være i gang med ny sommersesong

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mai 2018

Sjølv om vi ikkje akkurat kan seia at det bugnar med blomster i Svinviks arboret enno, så er iallfall rododendronblomstringa i gang til opninga i dag. Sjølv om det er lunt og godt i arboretet er nok våren litt på etterskot enno i år, men med fleire fine sommardagar så skjer ting fort i arboretet no.


Sosiale søndagar på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 12. mai 2018

Også i år skal Nordvik grendalag arrangere den tradisjonelle sykkeltrimmen og inviterer derfor til ei sosial samling på Øygarden kvar søndag i perioden fra 13. mai til 19. august.


Laurdag: Sesongåpning 12 mai i arboretet

Elinor Bolme Fredag 11. mai 2018

I år opnar Svinvik Arboret den 12.mai og har ope 5 dagar i veka heile sesongen, frå onsdag-søndag. Onsdagane i juli er det langope til klokka 20.00. Ellers er det stengt på 17. mai, men ope alle dagar i pinsehelga.


Mykje vatn i Toåa, men berre så vidt over flaumnivået

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mai 2018

Basert på registrering av vassføringa i Toåa i perioden frå 1974 til 2015 så definerer NVE 74,0 m3 i sekundet som middelflaum. På morgonkvisten i dag var vassføringa oppe i 74,7 m3/sek, og dermed var vassføringa på flaumnivå før den begynte å gå ned igjen.


Lagersal med rekordkø på Vinstra

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mai 2018

I dag starta Talgø lagersalet på Vintra. På det 20.000 m2 store lageret som fungerer som lager for alle Talgøselskapa, er det dei neste dagane gjort om til eit gigantisk lagersal, der restar av møbelseriar og utgåande modellar, hagemøblar, inner- og ytterdører og mykje anna lagt ut til eit gigantisk restesal som varer tre dagar til ende.


Fjøsbygging – måtte enten satse – eller slutte!

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mai 2018

For Olaug Kvendset stod valet mellom å satse vidare eller å gi seg med mjølkeproduksjonen. Valet vart det siste, og heilt sia i fjorhaust har gardstunet på Utigard Kvendset vore prega av byggeverksemd. Frå påske har det vore full trøkk på fjøsbygginga, og mesta før telen var borte starta Hallvard jr, Aasmund og Asgeir med grunnarbeidet og riving av dei gamle tårnsiloane, fortel Olaug. Med dette arbeidet hadde dei god hjelp av Per Gjeldnes Maskin. – For å få plass til bygge saman det nye mjølkfjøset med det gamle fjøset, måtte også Lundebekken flyttast og leggast i rør.


Jamn jentekamp

Elinor Bolme Torsdag 10. mai 2018

I går kveld var det to kampar i aldersbestemte klassar på Søyabanen. G10 Søya/Todalen møtte først eit sterkt sunndalslag som tok leiinga frå start til slutt. Etterpå var det J10 Søya/Todalen som også møtte eit sunndalslag. Dette vart ein langt meir jamnare kamp, som til slutt endte uavgjort.


Surnadal pensjonistlag på Øra

Bitten Ranes Onsdag 9. mai 2018

Et annerledes medlemsmøte for pensjonistene i Surnadal i dag. Det startet i lokalene til Surnadal Billag AS.  Vi fikk en grei orientering om hva som skjer i de gamle lokalene. Og det var svært interessant å høre på de to eierne, Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo som for tre år siden kjøpte hele greia for ei krone!


Saknar du eit garn i Todalsfjorden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. mai 2018

Tyske turistar har ved eit uhell fått eit garn på kroken i Todalsfjorden ved Nordvik.  Dei søker no etter eigarmannen og beklagar sterkt at dei kom i skade for å dra opp garnet.  Det er inga merking på garnet, men dersom det er nokon som kjenner det att, så er det berre å ta kontakt […]


Side 5 av 7« Første...34567