Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje vatn i Toåa, men berre så vidt over flaumnivået

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mai 2018

Basert på registrering av vassføringa i Toåa i perioden frå 1974 til 2015 så definerer NVE 74,0 m3 i sekundet som middelflaum. På morgonkvisten i dag var vassføringa oppe i 74,7 m3/sek, og dermed var vassføringa på flaumnivå før den begynte å gå ned igjen.

Det koka godt i fyrhushølen ved gammelfabrikken fredag formiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

I 10-tida var vassføringa nede på ca 67 m3/sek, og nedgangen vil nok fortsette utover dagen etter kvart som det blir slutt på regnet.  Pent vêr og høge dagtemperaturer i dagane som kjem, vil nok sørge for snøsmelting stor vassføring dei komande dagane – uten nokon stor flaumfare i vassdraga her.

Ein liten fotorunde på formiddagen viser vassføringa i Toåa som altså er på veg ned i skrivande stund. 

Ved Vassosvatnet – høg vannstand i forhold til det vi er vant til. Foto: Jon Olav Ørsal

Ved vassosen – enda ein halvmeter att før det går over vegen. Foto: Jon Olav Ørsal

På det næraste flaumelv – slik ser Toåa ut frå Brusetbrua. Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. mai 2018, 11:27