Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2017

Vi fann 44 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 41234

Kjøp julekalender og støtt alpingruppa

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2017

Laurdag er Isak Drøpping på plass på Matkroken for å selge Surnadal I.L.s alpingruppes julekalender. Inntekta frå salet går til drift av alpinggruppa og for å halde prisane nede på heiskorta.


No kan du kjøpe «Jul på Nordmøre»

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2017

Jul på Nordmøre har ein lang tradisjon i vår julførebuing. No er årets hefte kome i salg – årgang nummer 82. Skriftstyret er stolt av produktet, og håpar sjølvsagt at mange vil kjøpe årets hefte.


Ekstraordinært årsmøte

Elinor Bolme Fredag 24. november 2017

Surnadal golfklubb kaller inn til ekstraordinært årsmøte 27. november.


Kom i julestemning med årets julemarked på Hamnes!

Elinor Bolme Fredag 24. november 2017

Hamnes gard i Surnadal ønsker velkommen til julemarked i fjøset lørdag 25.november og søndag 26. november. Nytt i år er kunstutstilling med gjesteutstiller Tanja Heggem med maleri.


Internasjonal bygdakveld

Elinor Bolme Onsdag 22. november 2017

Integreringa i Surnadal kommune inviterer nye og gamle innbyggarar i Surnadal til bygdekveld, for å bli betre kjent og ha ein hyggelig kveld saman. Det blir gratis inngang og servering av internasjonal mat og drikke.


Fotpleie før jul

Elinor Bolme Tirsdag 21. november 2017

Fotterapaut Pan Hoset har meldt sin ankomst i sanitetshuset for ein siste runde med fotterapi no før jul. Ho kjem mandag den 11. og tysdag den 12. desember og har mange ledige timar utover desse dagane.


Pensjonistlaget inviterer til julemiddag

Jon Olav Ørsal Mandag 20. november 2017

Surnadal pensjonistlag minner om at dei skal arrangere tradisjonell julemiddag på høgskulen 5.12. kl 1300. Det blir song og musikk, kåseri, utdeling av eldrearbeidspris, triveleg samvær og god mat.  Kuvertpris kr. 150,- Påmelding til Grethe tlf.908 54 752 el. Jorunn tlf. 901 51 989 innan 29.11


Fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Mandag 20. november 2017

Det er fine forhold i lysløypetraseen på Tjønnmyra melder Todalen I.L.  Det er køyrt på spor i hele løypetraseen og det rapporteres om godt føre.  Det lønner seg å være litt forsiktig, for vegen til Kårvatn er lagt med omkjøring via Tjønnmyra medan anleggsarbeidet ved Kufallfossen pågår. Men det er plass nok til alle og […]


Sæle jolekveld

Steinar Hasselø Mandag 20. november 2017

Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata ”Sæle jolekveld”, og fekk svært gode kritikkar.


Vil vi ha butikk i bygda?

Jon Olav Ørsal Søndag 19. november 2017

Ja, det er overskrifta i ein e-post vi fikk hit til redaksjonen. Det er ein kunde som handlar fast på butikken her – Matkroken Todalen – som er bekymra for nærbutikken. Og det er ikkje så rart, for både Bæverfjord samvirkelag og Joker Kvanne (Stenberg) har slutta opp på grunn dårleg omsetning og økonomi. Der opplevde dei at kundane køyrde forbi, og handla i Surnadal – kanskje dei handla på veg heim etter arbeid.


God oppslutning om boksleppet til Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Søndag 19. november 2017

Boksleppet til Todalen historielag trekte rundt 70 historieinteresserte til Todalen ungdomshus i dag. Det var nemleg premieredag for årsskrift nr 16, og Todalen historielag kunne med stolthet presentere 84 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane. I Todalen er det knytta stor interesse til arbeidet med lokalhistoria, og historielaget har da også rundt 200 medlemar, og det seier sitt.


Sjakk i Kaffekroken søndag kveld

Jon Olav Ørsal Lørdag 18. november 2017

Denne helga blir det sjakk igjen! Det skjer søndag kl 19:00 i Kaffekroken på Matkroken. – Enkelte har varsla sin ankomst, men det er plass til fleire, melder Todalen sjakklubb. Ta gjerne med eit sjakkbrett med brikker, og kom!  Alle som har lyst er velkomne på sjakk!  


Side 1 av 41234