Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2017

Vi fann 83 artiklar i dette arkivet.

Side 7 av 7« Første...34567

Stangviktur for Stavgangarane

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mai 2017

I dag gikk stavgangturen til Stangvika, med parkering og start hos gammelordføraren på Brøskja. Heile 44 deltakarar var samla på denne flotte vêrdagen, og turen gikk utover til Brøskjehagan før dei snudde og sette nasen innover igjen. Etterpå vart det samling på Svissholmen, og godt med ein kaffepause og noko å bita i .


Påmelding klar til årets Todalsdag

Elinor Bolme Torsdag 4. mai 2017

Årets Todalsdag blir i år arrangert laurdag 1. juli frå morgon til kveld. Her blir det blandt anna cup for knøttar født i 09/10 og miniputt født i 07/08, “Ræta opp” og sommarcup for lillegutt født i 05/06.


Dugnad på Åsen

Elinor Bolme Torsdag 4. mai 2017

Indre Nordmøre Forsvarsforening skal ha dugnad på Krigsminnesamlinga på Åsen.
Tidspunkt for dette måtte dessverre flyttes, og nye datoer er fredag 12. og lørdag 13. mai, begge dager kl. 10 – 16.


Skifte i «Galleri Kaffekroken»….

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. mai 2017

Nytt månadsskifte markerer skifte i «Galleri Kaffekroken».  Sissel Halset Storslett har i april stilt ut nokre av sine kunstverk til glede for folk som har vore innom, og hog er godt nøgd med responsen. No er turen komen til Studio Saksen, der Kristine Saksen Ulvund disponerer veggane i Kaffekroken i heile mai månad.


Kvikk komikk med Statsteatret og Karoline Krüger

Elinor Bolme Onsdag 3. mai 2017

«1950 Spionen» gjestar Surnadal kulturhus onsdag 10. mai kl. 19.00. Framsyninga som tek for seg det glade og paranoide 50-talet har fått særs gode kritikkar. CIA, KGB, kald krig, kommunisme og angsten til Arbeiderpartiet. Alt servert på ei seng av reklame for sigarettar, alkohol og det nyaste innan kvitevarer.


Klart for påmelding

Elinor Bolme Onsdag 3. mai 2017

Idrettslaget Søya har no åpna for påmelding til årets «SøyaCup». SøyaCupen 2017 blir gjennomført laurdag 26. august 2017 – og maks antall lag vil vere ca. 70 skriv klubben på si heimeside.


Stem på månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Onsdag 3. mai 2017

Vi er i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.


Kan hestmøkk bli blomsterjord….

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mai 2017

Kirsty McKinnon er rådgjevar ved Nordsøk på Tingvoll. No leiar ho eit prosjekt som skal sjå på mulegheita for å lage blomsterjord av hestemøkk, og med seg på laget har ho gjengen på Hageland i Surnadal, der ho før helga var oppteken med spørreundersøking om korleis folk brukar blomsterjorda, og kva haldningar dei har til at den i framtida kan bli laga av mellom anna hestemøkk.


Veien til GOLF-kurs

Elinor Bolme Tysdag 2. mai 2017

Helga 20.- 21. mai arrangerer Surnadal Golfklubb «Veien til GOLF-Kurs» på golfbanen.
Arrangøren ønsker alle som ønsker å bli kjent med golfsporten hjerteleg velkomne til kurset.



Stikk UT! – ny sesong!

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. mai 2017

Flott start for ny Stikk UT!-sesong; nydeleg ver og stor aktivitet i trimrundane! Flest besøk i Surnadal kommune har det i løpet av dagen vore på den nye trimposten på Roparen i nedre Surnadal, men det var mange som var ute på trimtur både på Storhaugen og i Svinvikrunden.


Side 7 av 7« Første...34567