Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2016

Vi fann 55 artiklar i dette arkivet.


Rute 46 – Innstilt deler av laurdagskvelden

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2016

På grunn av teknisk feil var rute 46  Kvanne – Rykkjem innstilt laurdag kveld frå kl 22.30 og resten av kvelden,  meldte Fjord1.  Frå søndag morgon vart trafikken avvikla som normalt.  


Finn fram Stil-longsen – kaldvêr i vente!

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2016

Etter ein lang og fin haust er det no kaldvêr i vente. Neste veke er det meldt kaldare vêr alt frå søndag og fram til fredag, der onsdagen ser ut til å bli kaldast med nærare 10 kuldegrader på det kaldaste.


Asfaltering i kappløp med vinteren…

Jon Olav Ørsal Fredag 4. november 2016

Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet på Surnadal hamn – den eine asfaltbåten etter den andre har lossa tilsaman 4.000 tonn med varm asfalt, og det har blitt heile 17.250 m2 med ny asfalt i hamneområdet. Det er Surnadal Hamneterminal som er oppdragsgjevar og Veidekke Industri som har utført oppdraget, fortel Karin Halle som er dagleg leiar i Surnadal Hamneterminal, og kommunalsjef i Surnadal kommune som er største eigaren.


Stikk UT!-sesongen er over – årets siste gåvekortvinnar!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. november 2016

Norunn Holten, Stikk UT!-kontakt i Surnadal kommune, melder: «Årets siste Stikk UT!-vinnar er trekt. Vinnar for oktober vart Gudmund Olver Svendsli, Surna, som sikra seg månadens gåvekort med ein tur til Hysåsen på Frei! Vi gratulerer den heldige vinnaren! Alle personar som har registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune har vore […]


Bokkveld med aktivitetar i biblioteket

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. november 2016

I kveld klokka 17.30 – 19.00 markerer biblioteket i Todalen at det er nordisk bibliotekveke 2016. Karen Johanne og Britt har rydda plass til ein masse nye bøke, og elles blir det både høgtlesing og leseløype. – Og FAU spanderer bollar og kakao til ungane og kaffe til dei som er litt større.


Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Onsdag 2. november 2016

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.


Ledig jobb på MøreTre: Tar du utfordringen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2016

På MøreTre er det ledig jobb som prosjekleder/leder for salgs- og serviceavdelingen. med økende oppdragsmengde utvider MøreTre sin satsing mot prosjektmarkedet, og søker derfor etter en ny medarbeider med ansvar for prosjekt, salg og service.