Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2016

Vi fann 103 artiklar i dette arkivet.

Side 6 av 9« Første...45678...Siste »

Vekas stavgangtur går til Toresetra

Elinor Bolme Måndag 13. juni 2016

Torsdag 16.juni går Surnadal pensjonistlag sin stavgangtur til Toresetra/Øygarden. Turen går fra Øygarden i retning Grytbakksetra. Dei snur når dei møter stien mellom Grytbakksetra og Hardbakkhytta. Eller ein kan snu når ein vil.


Toåa – laksefisket startar natt til onsdag.

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juni 2016

Tysdag kveld når vi når midnatt startar fisket etter laks i Toåa, og varer fram til 15. august. Det er nok mange som er spente på årets laksefiske og som er klare for å kaste ut snøret når laksefisket settes i gang. – Etter den gode starten som har vore i Surna i år, har […]


Sommaravslutning i Pensjonistlaget

Elinor Bolme Måndag 13. juni 2016

SURNADAL PENSJONISTLAG har medlemsmøte/sommeravslutning onsdag 15.6. til vanleg tid i møterommet på sjukeheimen. Dei får besøk av elevar på Kulturskulen.

Song og, som vanleg, musikk ved Oddmund Solem og Fredrik Sjøflot. Loddsal og servering!


Bakelsrapport frå fjellet

Elinor Bolme Sundag 12. juni 2016

Frå gårsdagens bakelskomite på Skihytta har vi fått eit lite referat av arrangementet. Knut Hallset skriv:

Sender ett knippe bilder fra bakelsslabberaset frå fjellet i dag. Ikkje mange kaffegjestane, men veret var fint og bakelsa heilt fortreffeleg. Bakelskomiteen serverte kaffe og bakels til alle som kom, utan kostnad forøvrig.


Førsesong: – Laurdagstur til Innerdalen

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juni 2016

Laurdag nytta Jon Bruset dagen til Innerdalstur. Sesongen har ikkje starta enno, men fint var det i Innerdalen lell. Med bil til Nerdalen og til fots resten av turen til Innerdalen bar det – og vêret var det ingen ting å utsette på!


EM-tippinga er i gang

Ole Petter Talgø Sundag 12. juni 2016

EM-tippinga er i gang, men det betyr ikkje at det er for seint å melde seg på. I Todalen.no sin EM-tippekonkurranse kan du tippe resultat på alle EM-kampane heilt fram til kampstart, og så langt er det 4 av 51 kampar som er ferdige. Det er fortsatt nok kampar til at du kan vinne sjølv om du ikkje var med frå starten.


Månadens bilete: Maikveld på kyrkjegarden

Ole Petter Talgø Sundag 12. juni 2016

For mai kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Maikveld på kyrkjegarden». Det var ei jevn avstemning med ein vinnar som var 10 stemmer foran «Vårløysing», medan alle dei fire andre fekk mellom 15 og 20 stemmer. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.


Det ligg an til å bli ei skikkeleg slåttahelg

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juni 2016

På tur nedover til «Prærien» kunne ein i dag observere traktorar med slåmaskin elle ballpresser kring alle ekrer. Håvard Halset, som var først ute i år, starta for eit par dagar sia men no ser det ut for at alle er i aksjon Og det går ikkje an å klage på slåttevêret i allfall… Sjølv om det har […]


Eirik: -Tolkar Inger Hagerup på todalsk….

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juni 2016

Eirik Husby har «figurert» i spaltene våre fleire gong før. – Eirik bur i Oslo med sin familie og har sitt daglege virke som ergoterapeut i Veidekke. Eirik har alltid vore interessert i song og musikk, og har drevet denne hobbyen litt lenger enn gjennomsnittet. Mellom anna har han saman med brørne Lars Olav og Jan Peter teke på seg spelejobbar både lokalt på Nordmøre og i Oslo, og musikken hans har vore mykje nytta på NRKs lokalsendingar her på traktene. No er han «aktuell» på Todalen.no med sine tolkingar av Inger Hagerops barneviser på todalsk.


Laurdagskaffe på Skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juni 2016

Laurdag inviterer «Bakelskomiteen» til laurdagskaffe på Skihytta. Dei har rusta seg med bakelsrøre og bensin til agregatet, og setter i gang bakelspressa frå kl 11 og utover til kl 14.00.  Da blir det servert nystekte bakels med jordbærsylte og rømme for ein billig penge. Legg trimturen til Skihytta på laurdag, oppfordrar vi!


Til Bøfjorden og Peøra på stavgang…

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juni 2016

Denne torsdagen gikk stavgangturen til Bøfjorden og Pe-øra. Her var det lagt inn besøk på Buret, der Ragnhild og Olav Egil Ansnes og Liv Berit Brusethaug var vertskap. Det var rundt 30 som var med på turen og heile gjengen samlast til kaffepause og omvisning på Buret.


Raus 2016 – Ørens fryd på Gammelfabrikken….

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2016

Peisestua på gammelfabrikken var fylt til siste plass da Raus 2016-konserten starta omtrent presis kl 19 torsdag kveld. Låtskrivarseminaret som har vært arrangert på Todalshytta denne veka runda av med konsert. Raus 2016 kalla dei konserten som er oppfølgjaren av tilsvarande konsert i fjor – i år hadde dei med seg Jace Everett som kjem frå Nashville. Han var slett ingen sinke!


Side 6 av 9« Første...45678...Siste »