Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2015

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Samla heile gjengen ved langbordet til maissuppe

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Med to haner og 23 tupper til bords, var Laila Kvendset Bergli klar til å kjøre randonee-kveld for damer ved Kårvatn Fjellutstyr. Det er stor interesse for randonee og toppturar, og dette er ikkje noko som berre mannfolk driv med lenger. – Laila tykte det var positivt at så mange deltok, og ho hadde alliert seg med Ola Berger, som er godt kjent med terrenget i todalsfjella og nærast profesjonell på området. Både han, deira eigen Lars Inge Harrang, ga damene eit godt innblikk i kva randonee er for noko – og kva utstyr som trengs.


Hjortkjøttkaker på menyen – du er invitert

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Neste helg – nærarer bestemt laurdag 28. november er du invitert på Hjortfest i Todalen ungdomshus. Halle & Husby jaktlag er vertskap, og dei byr på heimelaga hjortkjøttkaker som hovudrett – kortreist og godt, med jaktlagets eigen Dan Roger Pedersen som som sjefskokk. Elles byr dei på lett underhaldning frå scena, og utdeling av heidersprisen «Den gyldne patron, fortel leiar i jaktlaget Lars Stensby til Todalen.no.


Basar med tombola i Stangvik

Anita Land Torsdag 26. november 2015

Stangvik grendalag arrangerer basar med tombola i Bondehuset laurdag klokka fire. Leiar i grendalaget, Bjørn Kristian Brøske, håpar mange vil ta turen til Stangvik på laurdag. Som vanleg byr arrangøren på eit stort basarbord med mange gevinstar.


Vebju – platelansering i Stangvik kyrkje søndag

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Søndag lanserer Anders Larsen og Henning Sommero sitt nye album «Vebju». Det skjer i Stangvik kyrkje kl 18. Dette er starten på ein liten miniturne som går vidare til Rindal kirke på mandag, øre kirke fredag 4. og til slutt Dåpskirken Jordan søndag 13. desember.


Korleis kan vi takle situasjonen?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Omsorgsberedskap er eit viktig tema – tysdag sette Todalen sanitetsforening dette på dagsorden da dei samla interesserte i Todalen ungdomshus til temakveld og gjennomførte eit øving i eit tenkt scenario med ekstremvêr av verste sort. Todalingane har nok raset i 2013 og problema som isolasjonen skapte friskt i minne enno. For sanitetskvinnene landet rundt er omsorgsberedskap prioritert oppgåve no.


Feiring med juletre frå Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Denne jula blir det julefeiring med juletre frå Nordvik på Torget i Kristiansund. Tysdag kveld kom det ferje frå Kristiansund til Surnadal hamn for å hente juletreet, som skal pynte opp nordmørshovudstaden i desember.


Fole te folkemusikk

Steinar Hasselø, Surnadal folkebibliotek Tysdag 24. november 2015

Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.

Torsdag 26. november kl. 19.00 vil seks folkemusikarar frå heile fylket invitere deg med på eit møte mellom fortid og framtid i ein storslagen konsert i Surnadal kulturhus. Av dei seks er to nordmøringar; Øystein Sandbukt og Kine Iselilja Gyldenskog.


Grete og Martinus hedra med pris

Elinor Bolme Tysdag 24. november 2015

I dag vart Grete og Martinus Torvik hedra med den gjeve «Eldrearbeiderprisen 2015» under ei tilstelning på Nordmøre Folkehøgskule. Det er femte gongen prisen bliir delt ut, og Grete og Martinus fekk den for sitt mangeårige arbeid innan organisasjonslivet i Todalen og Surnadal dei siste 20 åra.


Har snudd på tala

Elinor Bolme Tysdag 24. november 2015

Opposisjonspartia i Surnadal kommune møtte i dag tidleg pressa på Hammerstuene for å orientere om knallhard jobbing vedrørande nytt budsjettetforslag for kommunen. Eit budsjett som har vore eit heitt tema sidan før valget, og som rådmann og administrasjon har jobba med utover hausten for å få botnlinja på eit akseptabelt nivå.


8 veker og mange masker seinare…

Elinor Bolme Tysdag 24. november 2015

På underkant av to månader har strikkekaffeen i regi Todalen sanitetsforening produsert store mengder strikkevarer i prosjektet «Strikk ein varm velkomst». Sist laurdag avslutta dei kaffeen før jul, og hadde ei oppteljing av kva som var produsert så langt. Og lista vart imponerande lang. Her var over 70 ullsokkpar, ca 20 vottpar, 34 luer, 5 labbpar, 15 sjal/skjerf/halsar, 2 gensrar og nokre små plagg til baby i tillegg.


Med fokus på beredskap

Elinor Bolme Måndag 23. november 2015

I morgon kveld er det fokus på omsorgsberedskap i Todalen Ungdomshus. Todalen sanitetsforening har som kjent avtale med Surnadal kommune vedrørande beredskap i kommunen. Dette innebærer at om det skulle skje noko der mat,husly og omsorg er aktuelt, skal sanitetskvinnene i Todalen bistå. No har også sanitetsforeningane i Øvre Surnadal og Torvik meldt sin interesse for dette arbeidet, og dei tre foreningane utvidar derfor denne avtalen med kommunen.


Endeleg vart det snø

Jon Olav Ørsal Sundag 22. november 2015

Hallvard og Tor Asbjørn sett stor pris på at det vart kvitt på marka. Hallvard har funne fram skiutstyret og, Tor Asbjørn prøva akebrettet, da Todalen.no trefte dei to i Brusetmarka søndag føremiddag. Kanskje litt i minste laget for å laga fine skiløyper enno, men det var i allfall nok til litt prøvekjøring på plena på Liatun, men dei to ønska seg sjølvsagt litt meir snø og skikkeleg skiføre.