Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2013

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 6« Første...23456

Tur  til  Mausetsetrene.

Tur til Mausetsetrene.

Vidar Sogge Laurdag 7. september 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag var torsdag 5. september på tur til Mausetsetrene. Vi møttest på Holtamoå, og køyrde samla til Rabbañ. Herifrå losa Grete Mauset oss sikkert til dei to Mausetsetrene. Grete fortalde at Mausetsetrene truleg har vore i drift i fleire hundre år, men tok slutt i 1935. Austistua på Mauset tok opp att setringa i åra 1943 – 1946, men da var det slutt.

Les heile saka

Haustsesong  på  Hageland

Haustsesong på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2013

Hageland i Surnadal rundar av sommarsesongen, og er alt godt i gang med haustsesongen. Det betyr at busker, trær og utekrukker går til halv pris, medan butikken er prega av eit stor utval i blomsterlaukar og mange nye og spanande inneplanter, fortel butikksjef Ingeborg Langan. Det er slutt på søndagsope for i år, men laurdag er butikken open til kl 16, medan det andre dagar er ope til kl 18.

Les heile saka

Vegen  til  Todalen  er  open!

Vegen til Todalen er open!

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2013

Opninga av riksveg 671 vart opna etter plana idag. Faktisk skjedde det så snart vegen var klar i 13.30-tida, og dei første bilane var alt passert da Todalen.no’s kom dit. No blir vegen open gjennom heile helga, til måndag morgon i 8-tida og skulebussane har passert.

Les heile saka

Ordinær  skuleskyss  frå  mandag  9.  september

Ordinær skuleskyss frå mandag 9. september

Elinor Bolme Fredag 6. september 2013

Surnadal kommune melder no om at skuleskyssen frå Todalen går som normalt frå måndag 09.09. Det vil seie avgang frå Hals-brua kl. 07.50 og vidare rundt opp på sørsida som vanleg. Dette gjeld både elevar på Surnadal ungdomsskule og elevar ved Stangvik skule. Tidlegbussen går som vanleg kl 07.15 frå Halset bru og køyrer som vanleg IKKJE om […]


Felte  13-spiring  i  ettermiddag

Felte 13-spiring i ettermiddag

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. september 2013

Odd Arne Vikavoll fikk full utteljing i ettemiddag, da han felte ein fin 13-spiring under ettermiddagsjakt på terrenget til Talgø- og Kårvatn jaktlag. I tillegg fikk han også ein kalv på posten, som vart felt.

Les heile saka

Klart  for  vegopning  i  morgon  kl  15.00  –  oppdatert

Klart for vegopning i morgon kl 15.00 – oppdatert

Elinor Bolme Torsdag 5. september 2013

Vegen inn til Todalen åpner allerede i morgon kl 15 melder sjefsingeniør Ivar Hol i Statens Vegvesen i ei pressemelding. Arbeidet har gått så bra unna dei siste dagane så Vegvesnet er glade for å kunne åpne vegen tre dagar før først antatt etter siste anslag. Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar og får lysregulering når den er åpen.

Les heile saka

Opning  søndag  kl  16  –  18

Opning søndag kl 16 – 18

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. september 2013

Søndag kl 16 – 18 er det klart for opning av idrettslagets treingsstudio dei gamle lokala til Posten (eller BP’n for dei som har lev litt lenger). Det siste året har det vore lagt ned ein stor innsats for å få til eit treningsstudio. Må berømme ungdomane som har stått med oppussing og utviding av lokala. Dei siste dagane har det vore montering av treningsutstyr og litt prøvekjøring av treningsapparata. Søndag er det endeleg klart for opning.

Les heile saka

Spent  på  resultatet…

Spent på resultatet…

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. september 2013

196 sauer og lam sendte Bjørn Kvendset til fjells på forsommaren. 170 er alt komne heim frå beite i området ved Kjerringa og Vassnebba, medan 4-5 dyr er registrert borte tidlegare i sommar. Status er 21 sauer og lam som er igjen på fjellet. Bjørn har håp om å finne dei fleste, for det er ikkje så lenge sia dei var sett i beiteområdet.

Les heile saka

Oppstart  strikkekaffe

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Tysdag 3. september 2013

Førstkommande lørdag er det oppstart med strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Da er det fritt fram for alle handarbeidslystne å ta turen til huset for ein triveleg ettermiddag med sosialt samvær og noko lite å bite i melder arrangørkomiteen.

Les heile saka

Skikkeleg  framdrift  på  vegarbeidet

Skikkeleg framdrift på vegarbeidet

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2013

Måndag var det fullt arbeid med å rydde vegbanen på fylkesveg 671 inn til Todalen. Samtidig foregikk det boring og førebuing til sprengning i området som no skal bli ny vegbane over rasstaden. Men sjølv om 9. september er nemnt som premieredag for å starte kollonnekjøring over rasstaden er nok den endelag datoen litt usikker.

Les heile saka

Konfirmantfest  og  jubileum

Konfirmantfest og jubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2013

Komande helg er det markering av 50-årsjubileum for konfirmantane i 1963. Det året var det 11 konfirmantar i Todalen kyrkje, og laurdag 7.9. om kvelden er dei invitert til jubileumsmarkering i Todalen ungdomshus, saman med årets konfirmantar og andre som har lyst til å delta. Søndag 8.9. er jubilantane spesielt invitert til å ta del i gudstenesta i Todalen kyrkje.

Les heile saka

Soknerådsvalet  2013  –  kom  og  stem!

Soknerådsvalet 2013 – kom og stem!

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2013

Det blir soknerådsval i “Skulstuå” måndag 09. september 2013, kl. 12.00 – 20.00 og det skjer samtidig med Stortingsvalet. Det er i år 2 medlemar, samt 3 varamedlemar som skal velgast; Knut Halset og Ildri Sjøland Øyen (frå det “gamle” soknerådet ) fortsetter i 2 år til, sammen med dei som bli valt inn i soknerådet under valet den 9.september. Valg for “berre” 2 år denne gong; – i 2015 blir det valg for 4 år i soknerådet.

Les heile saka

Side 5 av 6« Første...23456