Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spent på resultatet…

Spent på resultatet…

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. september 2013

196 sauer og lam sendte Bjørn Kvendset til fjells på forsommaren. 170 er alt komne heim frå beite i området ved Kjerringa og Vassnebba, medan 4-5 dyr er registrert borte tidlegare i sommar.  Status er 21 sauer og lam som er igjen på fjellet. Bjørn har håp om å finne dei fleste, for det er ikkje så lenge sia dei var sett i beiteområdet.

Det er jamt over store og fine lam, så sommarbeidet har nok vore bra i området rundt Vassnebba og Kjerringa. Sauene til Bjørn har meir eller mindre heile området til rådigheit, til bytes med Drøpping-sauene ut mot Rambjøra og Brubakksakkene ved Bollknobben og Snøfjellet.

Så langt er det ikkje registrert noko jervskade på sauenflokken, seier Bjørn Kvendset, og det er han sjølvasgt glad for. Sauleitinga starta sisti helg for heile området, men vi har ikkje oversikt over situasjonen for dei andre sauehaldarane i Todalsfjella. Men Bjørn har altså håp om å få resten av flokken velberga ned frå fjellet, når han seinare i veka skal til fjells på saueleiting igjen.

Publisert: 3. september 2013, 20:40